Ny strategi for barn som veks opp i familiar med låg inntekt

Den 16.10.20 la regjeringa fram ein ny strategi som skal fremje deltaking og styrkje moglegheitene til barn som lever i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2020

Strategien skal også legge til rette for eit betre samarbeid med frivilligheit, næringsliv og sosiale entreprenørar på fattigdomsfeltet.

Strategien følgjer opp Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017) som var den første som såg på heile breidda av verkemiddel retta mot gruppa.

Samarbeidsstrategien er utarbeidd i eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og underliggjande direktorat.


For å lese heile strategien sjå meir i lenke https://www.regjeringen.no/contentassets/bb45eed3479549719fb14c78eba35bd4/strategi-mot-barnefattigdom_web.pdf 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar