Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Klimasnu

Eit av dei tverrfaglege satsingsområda til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal dei komande åra er klimaomstilling. Satsinga har fått namnet Klimasnu.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor, og Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken.

I tråd med visjonen vår - ei trygg framtid for folk og natur, skal vi arbeide for å redusere klimagassutslepp i fylket. Vi skal også bidra til at samfunnet blir godt budd på, og blir tilpassa eit klima i endring.

Satsinga Klimasnu skal

  • vere ein regional pådrivar for klimagassreduksjon og klimatilpassing
  • styrke klimakompetansen, både internt i embetet, ute i kommunane og ved andre sentrale aktørar
  • utvikle fylket i ei klimavennleg retning for å nå lågutsleppssamfunnet
  • sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem

Satsinga er forankra i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020-2023.


26.01.2021

Få tilskot til klimatiltak!

Klimasats er den viktigaste støtteordninga for kommunar som ønskjer å kutte i klimagassutslepp og bidra til lågutsleppsamfunnet. Søk før 15. februar!


13.01.2021

KLIMASNUpris til innkjøpssamarbeid

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre vinner KLIMASNUpris.


11.01.2021

Utdeling av KLIMASNUprisen på årets Nyttårskonferanse

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. Denne delast ut på Nyttårskonferansen 13.01.21.


16.12.2020

Klimasats 2021

No kan du søke om klimasatsmidlar for 2021. Søknadsfristen er 15. februar.


16.12.2020

Digitalt kurs i klimabudsjett

Ønsker du å lære meir om klimabudsjett? 27. januar 2021 vil rettleiaren for klimabudsjett som styringsverktøy bli lansert. Kommune-Noreg inviterast til digital konferanse.


19.11.2020

Klimasnu!

Det haster. Vi må snu oss rundt og stoppe klimaendringane no! Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal gjere det vi kan for at klimaendringane blir så små som mogleg. Det krev ei klimaomstilling – ein klimasnu.


Kontaktpersonar

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.