Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


Publisert 22.10.2021

Ny versjon av ståstadsanalysen for skulen

Det har no kome ein ny versjon av ståsstadanalysen for skule der det mellom anna er lagt til ein ekstra fase med tips til skuleleiar.


Publisert 06.10.2021

Høyring på framlegg til ny opplæringslov

Kunnskapsdepartementet jobbar no med ei ny opplæringslov som skal erstatte gjeldande lov. Den nye opplæringslova vil tidlegast vere klar i 2023.


Publisert 09.09.2021

Allanengen og Vågsetra nominert til Dronning Sonjas skolepris 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nominert Allanengen barneskole i Kristiansund og Vågsetra barne- og ungdomsskole i Molde til Dronning Sonjas skolepris.


Publisert 18.08.2021

Ny meldingsportal til Utdanningsdirektoratet

Tilsynsansvaret for friskulane, og andre private skular som f.eks. folkehøgskulane, ligg hos Utdanningsdirektoratet


Publisert 18.08.2021

Rammeplan for SFO

Frå 1.august 2021 får SFO (skulefritidsordning) sin eigen rammeplan


Publisert 17.08.2021

Testing kan bidra til at barn og unge slepp smittekarantene

Vaksinedekninga er aukande og no kan smittekarantene for barn og unge i mange tilfelle erstattast av testing.


Publisert 09.08.2021

Oppgåver og anbefalt litteratur

Her finn du oppgåver og anbefalt litteratur knytta til modul 5: Globalt medborgarskap i opplæringa. 


Publisert 15.06.2021

Nytt til skolestart 2021

Her kan du lese om kva som er nytt til skolestart 2021. 


Publisert 15.06.2021

Smittevernfagleg forsvarleg drift i barnehagar og skular - rettleiing

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Utdaningsdirektoratet har utarbeidd rettleiing som kan vere til hjelp i vurderingane om smittevernforsvarleg drift i barnehagar og skular.


Publisert 25.05.2021

Anbefalt litteratur - modul 4

Til modul 4 under Demokrati og medborgarskap er følgande akademiske tekstar anbefalt. Dei er fritt tilgjengelege.