Fylkeslegens vurdering av risikonivå i Vestland

Etter at samfunnet har blitt gjenopna til ein normal kvardag med auka beredskap, blir det ikkje lenger publisert fylkeslegens vurdering. Vi følgjer situasjonen tett, og vil starte opp att med faste rapportar på denne sida igjen dersom det skulle bli aktuelt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2021, Sist endra 03.11.2021

Her finn du tidlegare publiserte fylkeslegens vurderingar av risikonivå i Vestland, oppdatert kvar veke frå februar til oktober 2021:

Status per 12. oktober 2021 (veke 41)

Frå veke 39 til 40 er det ein auke i tal nye tilfelle, frå 138 til 177, men talet for veke 40 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. FHI vurderer at det er usikkert om smittesituasjonen i fylket er aukande eller synkande. Vi gjer merksam på at talet på talet på nye tilfelle ikkje kan samanliknast direkte med tal i veke 38 og tidlegare, i samband med innføring av nedjustert TISK i normal kvardag med auka beredskap 25.09.21.

Frå veke 39 til 40 er det førebels ein liten nedgang i talet på testa personar frå 7.917 i veke 39 til 7.788 i veke 40, men talet for veke 40 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøvar for veke 40 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa har gått noko opp sidan førre veke, frå 1,7% i veke 39 til 2,1% i veke 40, men talet for veke 40 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,6, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. Helse Bergen har på sine nettsider publisert eit R-tal på 0,8, sist oppdatert i veke 40. Berekninga er eit lokalt tillegg til Folkehelseinstituttet (FHI) sine berekningar nasjonalt og per fylke, som regelmessig vert publisert på FHI sine nettsider. Den lokalt berekna R-verdien er punktverdiar, medan FHI reknar ut eit gjennomsnitt over ein lengre tidsperiode. FHI sitt R-tal og det lokale R-talet er difor ikkje direkte samanliknbare, og utrekningsmåten er òg litt ulik.

Måndag 11. oktober opplyser Helse Bergen på sine nettsider at helseføretaket har 1 pasient innlagt med Covid-19. Helse Førde opplyser at dei ikkje har nokon innlagde pasientar med Covid-19 på nokon av sine sjukehus. Helse Fonna rapporterer ikkje lenger tal innlagde pasientar med Covid-19 på sine nettsider. Talet på innlagte pasientar held seg stabilt lågt.

Frå kommunane si rapportering til Statsforvaltaren, rapporterer kommunane at det per i dag er låg risiko for at smittesituasjonen på kort sikt vil utvikle seg til ei betydeleg sjukdomsbyrde, eller overbelaste kapasiteten i helsetenesta. Kommunane startar influensavaksinering av personar i målgrupper i løpet av veke 42-44. Helse Vest rapporterer om normal driftssituasjon og har ingen utfordringar kring bemanning.

Fylkeslegens vurdering frå tidlegare veker


Status per 4. oktober 2021 (veke 40)

Frå veke 38 til 39 er det ein nedgang i tal nye tilfelle, frå 159 til 115, men talet for veke 39 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er synkande.

Frå veke 38 til 39 er det førebels ein klar nedgang i tal testa personar frå 12.224 i veke 38 til 7.679 i veke 39, men talet for veke 38 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 39 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa har gått noko opp sidan førre veke, frå 1,3% i veke 38 til 1,5% i veke 39, men talet for veke 39 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,6, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein synkande smittetrend for Vestland.

Måndag 04. oktober opplyser Helse Bergen på sine nettsider at helseføretaket har 1 pasient innlagt med Covid-19. Helse Førde opplyser at dei ikkje har nokon innlagde pasientar med Covid-19 på nokon av sine sjukehus. Helse Fonna rapporterer ikkje lenger tal innlagde pasientar med Covid-19 på sine nettsider.


Status per 27. september 2021 (veke 39)

Frå veke 37 til 38 er det ein nedgang i tal nye tilfelle, frå 222 til 142, men talet for veke 38 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er synkande.

Frå veke 37 til 38 er det førebels ein nedgang i tal testa personar frå 15.044 i veke 37 til 11.843 i veke 38, men talet for veke 38 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 38 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa har gått ned sidan førre veke, frå 1,5% i veke 37 til 1,2% i veke 38, men talet for veke 38 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,6, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein synkande smittetrend for Vestland.

Måndag 27. september opplyser Helse Bergen på sine nettsider at helseføretaket har 2 pasientar innlagt med Covid-19. Helse Førde opplyser at dei ikkje har nokon innlagde pasientar med Covid-19 på nokon av sine sjukehus. Helse Fonna rapporterer ikkje lenger tal innlagde pasientar med Covid-19 på sine nettsider.

Status per 20. september 2021 (veke 38)

Frå veke 36 til 37 er det for Vestland ein ytterlegare nedgang i tal nye tilfelle, frå 352 til 195, men talet for veke 37 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittesituasjonen i fylket er framleis prega av nokre lokale utbrot, men dei fleste av desse ser no ut til å vere under kontroll.

Frå veke 36 til 37 er det for fylket førebels ein nedgang i tal testa personar frå 19.694 i veke 36 til 14.483 i veke 37, men talet for veke 37 er venta å bli høgare etter kvart som fleire prøver blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 36 på 1,8 %, som var ned frå 2,2 % veka før, medan talet for veke 37 førebels har gått ytterlegare ned til 1,3 %. Talet for veke 37 kan framleis endre seg noko.

FHI har ikkje oppdatert reproduksjonstalet(R) sidan 25. august. Helse-Bergen berekna 14. september eit lokalt R-tal for sitt område på 0,6 (0,4-0,8). FHI angjev ein søkkande smittetrend for Vestland i vekene 36/37, der talet nye tilfelle siste 14 dagar er 85,6/100.000.

Måndag 13. september er 1 pasient innlagd med covid-19 i Helse Bergen, som er 2 mindre enn for ei veke sidan. Helse Førde har ingen pasientar innlagd med covid-19, som er uendra siste tre veker. Helse Fonna slutta å leggje ut slik status 18. juni.


Status per 13. september 2021 (veke 37)

Frå veke 35 til 36 er det for Vestland ein nedgang i tal nye tilfelle, frå 550 til 316, men talet for veke 36 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittesituasjonen i fylket er framleis prega av nokre lokale utbrot, men dei fleste av desse ser no ut til å vere under kontroll.

Frå veke 35 til 36 er det for fylket førebels ein nedgang i tal testa personar frå 24.586 i veke 35 til 18.825 i veke 36, men talet for veke 36 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 35 på 2,2 %, som var ned frå 3,2 % veka før, medan talet for veke 36 førebels har gått ytterlegare ned til 1,7 %. Talet for veke 36 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er framleis 1,6 (25. august). FHI angjev ein sannsynleg søkkande smittetrend for Vestland i vekene 35/36.

Måndag 13. september er 3 pasient innlagd med covid-19 i Helse Bergen, som er 2 fleire enn for ei veke sidan. Helse Førde har inga pasientar innlagd med covid-19, som er uendra siste to veker. Helse Fonna legg ikkje ut slik status.

Status per 6. september 2021 (veke 36)

Frå veke 34 til 35 er det for Vestland førebels ein nedgang i tal nye tilfelle, frå 742 til 503, men talet for veke 35 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittesituasjonen i fylket er framleis prega av fleire lokale utbrot, men dei fleste av desse ser no ut til å ha ein nedgåande trend. Nokre kommunar har framleis lokale forskrifter om karantenering av utvida nærkontaktar under 18 år. Bergen kommune har oppheva lokal forskrift, men tiltaka held fram som anbefalingar.

Frå veke 34 til 35 er det for fylket førebels ein auke i tal testa personar frå 23.242 i veke 34 til 23.681 i veke 35, men talet for veke 35 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 34 på 3,2 %, som var uendra frå veka før, medan talet for veke 35 førebels har gått ned til 2,1 %. Talet for veke 35 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,6 (25. august). FHI angjev ein sannsynleg nedgåande smittetrend for Vestland.

Måndag 6. september er 1 pasient innlagd med covid-19 i Helse Bergen, som er 3 mindre enn for ei veke sidan. Helse Førde har ingen pasientar innlagd med covid-19, som er uendra frå førre veke. Helse Fonna legg ikkje ut slik status.


S
tatus per 30. august 2021 (veke 35)

Frå veke 33 til 34 er det for Vestland førebels ein auke i tal nye tilfelle, frå 605 til 695, og talet for veke 34 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittesituasjonen i fylket er framleis prega av fleire lokale utbrot som er krevjande å handtere grunna store tal nærkontaktar og knappe personellressursar som skal dekke både TISK, TIST og vaksinasjon. Fleire kommunar har innført lokale forskrifter om karantenering av utvida nærkontaktar under 18 år, då dei ikkje har kapasitet eller ressursar til å teste alle. Bergen kommune har forlenga mellombels lokal forskrift til 1. september.

Frå veke 33 til 34 er det for fylket førebels ein auke i tal testa personar frå 18.894 i veke 33 til 21.737 i veke 34, men talet for veke 34 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 33 på 3,2 %, som var ned frå 3,9 % veka før, medan talet for veke 34 er førebels uendra på 3,2 %. Talet for veke 34 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,6 (25. august). FHI seier at det er ein sannsynleg aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 30. august er 4 pasientar innlagd med covid-19 i Helse Bergen, som er 1 meir enn for ei veke sidan. Helse Førde har ingen pasientar innlagd med covid-19, som er 1 mindre enn for ei veke sidan. Helse Fonna legg ikkje ut slik status.

Status per 23. august 2021 (veke 34)

Frå veke 32 til 33 er det for Vestland førebels ein nedgang i tal nye tilfelle, frå 715 til 536, men talet for veke 33 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittesituasjonen i fylket er prega av fleire lokale utbrot.  Store tal nærkontaktar og knappe personellressursar som skal dekke både TISK, TIST og vaksinasjon, gjer utbrota krevjande å handtere. Bergen kommune har forlenga lokal smittevernforskrift til 29. august.

Frå veke 32 til 33 er det for fylket førebels ein nedgang i tal testa personar frå 18.135 til 17.523. Talet for veke 33 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 32 på 3,9 %, som var ned frå 4,0 % veka før, medan talet for veke 33 viser førebels ein nedgang til 3,1 %. Talet for veke 33 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,7 (18. august). FHI seier trenden er at smitten går ned i Vestland.

Måndag 23. august er tre pasientar innlagd med covid-19 i Helse Bergen (to på Haukeland og ein på Voss, ingen på intensiv). Det er éin meir enn for ei veke sidan. Helse Førde har éin pasient innlagd med covid-19, som er éin mindre.


S
tatus per 16. august 2021 (veke 33)

Frå veke 31 til 32 er det for Vestland førebels ein nedgang i tal nye tilfelle, frå 723 til 635, men talet for veke 32 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Bergen kommune har lokal smittevernforskrift (gjeldande i perioden 6.-22. august).

Smittesituasjonen i fylket er prega av fleire lokale utbrot, der Bergen kommune har dei høgste absolutte smittetala. I Bjørnafjorden kommune vil dei vidaregåande skulane starte opp på gult nivå grunna smitteutbrot i denne aldersgruppa etter to ungdomsfestar, der det så langt er 16 smitta.

Frå veke 31 til 32 er det for fylket førebels ein nedgang i tal testa personar frå 17.853 i veke 31 til 16.590 i veke 32. Talet for veke 32 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 31 på 4,0 %, som var opp frå 3,5 % veka før, medan talet for veke 32 viser førebels ein liten nedgang til 3,8 %. Talet for veke 32 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er framleis 1,9 (1,0-2,8), men dette er ikkje oppdatert sidan 28. juli. FHI seier at det er ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 16. august er to pasientar innlagd med covid-19 i Helse Bergen (ingen på intensiv), som er to meir enn for ei veke sidan. Helse Førde har to pasientar innlagd med covid-19 (ein på intensiv), som er éin meir enn for ei veke sidan. Helse Fonna legg ikkje lenger ut slik status.

Status per 9. august 2021 (veke 32)

Frå veke 30 til 31 er det for Vestland ein auke i tal nye tilfelle, frå 471 til 623, men talet for veke 31 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Bergen kommune har teke avgjerd om lokal smittevernforskrift gjeldande frå 6.-22. august. Smittesituasjonen i fylket er prega av fleire lokale utbrot, der Bergen kommune har dei høgste absolutte smittetala.

Frå veke 30 til 31 er det for fylket førebels ein auke i tal testa personar frå 13.438 i veke 30 til 16.045 i veke 31, men talet for veke 31 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver blir registrert i MSIS. Auken heng sannsynleg saman med auka testing i samband med lokale utbrot. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 30 på 3,5 %, som var opp frå 2,3 % veka før, medan talet for veke 31 viser ein ytterlegare auke til 3,9 %. Talet for veke 31 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er framleis 1,9 (1,0-2,8), men dette er ikkje oppdatert sidan 28. juli. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 2. august er ingen pasientar innlagd med covid-19 i Helse Bergen. Helse Førde har ein pasient innlagd med covid-19. Helse Fonna legg ikkje lenger ut slik status.

Nokre kommunar opplev store utfordringar med høge tal nærkontaktar i smittesporingsarbeidet, og dei ynskjer konkrete tilbakemeldingar om kva forventingar sentrale helsestyresmakter har til kommunane med omsyn til TISK-strategien, i takt med at samfunnet opnar meir opp og folk har fleire nærkontaktar. Det er ikkje ei berekraftig utvikling at kommunane skal halde same press på TISK-arbeidet samstundes som ein aksepterer meir smitte i samfunnet.

Status per 2. august 2021 (veke 31)

Frå veke 29 til 30 er det for Vestland ein auke i tal nye tilfelle, frå 239 til 395, men talet for veke 30 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t., men dette er noko som vurderast fortlaupande i Bergen kommune. Smittesituasjonen i fylket er prega av lokale utbrot, der Bergen kommune har dei høgste absolutte smittetala og Bømlo kommune har flest smitta i forhold til innbyggartalet. Dei siste par vekene har Bergen hatt høgare insidens enn Oslo.

Frå veke 29 til 30 er det for fylket førebels ein auke i tal testa personar frå 10.470 i veke 29 til 12.433 i veke 30, men talet for veke 30 er venta å bli høgare etter kvart som alle prøver for veke 30 blir registrert i MSIS. Auken heng sannsynlegvis saman med auka testing i samband med lokale utbrot. Raten positive prøver blant dei testa var i veke 29 på 2,3 %, som var opp frå 1,3 % veka før, medan talet for veke 30 viser ein ytterlegare auke til 3,2 %. Talet for veke 30 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,9 (1,0-2,8), som er opp frå 1,1 førre veke, men det er stor usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 2. august er ein pasient innlagd med covid-19 i Helse Bergen. Helse Førde og Helse Fonna har ingen innlagde med covid-19.

Status per 26. juli 2021 (veke 30)

Frå veke 28 til 29 er det ein auke i tal nye tilfelle, frå 128 til 182, men talet for veke 29 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er inga kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er totalt sett relativt fredeleg, med nokre mindre lokale utbrot.

Frå veke 28 til 29 er det førebels ein liten auke i tal testa personar frå 9.575 i veke 28 til 10.136 i veke 29, men talet for veke 29 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 29 blir registrert i MSIS. Dei siste seks vekene har det vore eit ganske stabilt tal testa personar kring ca. 10.000. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 28 på 1,3 %, som var opp frå 0,8 % veka før, mens talet for veke 29 viser ein ytterlegare auke til 1,8 %. Talet for veke 29 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,1 (0,4-1,6), men det er stor usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 26. juli er ingen pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen. Helse Førde og Helse Fonna har heller ingen innlagde med covid-19.

Status per 19. juli 2021 (veke 29)

Frå veke 27 til 28 er det ein auke i tal nye tilfelle, frå 80 til 102, men talet for veke 28 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er aukande. Nokre kommunar har hatt mindre lokale utbrot som ein har fått kontroll over. Meir enn 50% av nye tilfelle i Vestland siste to veker er registrert i Bergen kommune.

Frå veke 27 til 28 er det førebels ein nedgang i antal testa personar frå 10.513 i veke 27 til 8.836 i veke 28, men talet for veke 28 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 28 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa er auka sidan førre veke, frå 0,7% i veke 27 til 1,1% i veke 28, men talet for veke 28 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 1,1, som er opp frå 0,6 førre veke, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 19. juli opplyser Helse Vest på sine nettsider at helseføretaket har 5 pasientar innlagt med Covid-19. 1 av desse pasientane er innlagt på sjukehus tilknytt Helse Bergen, medan 4 er innlagt i Helse Stavanger.

Status per 12. juli 2021 (veke 28)

Frå veke 26 til 27 er det ein auke i tal nye tilfelle, frå 39 til 64, men talet for veke 27 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er framleis fredeleg, men nokre kommunar har hatt mindre utbrot, som ser ut til å kome raskt under kontroll etter godt arbeid i kommunane. Det har også vore eit utbrot knytt til Ekstremsportsveko på Voss, men majoriteten av dei smitta her er busett i kommunar utanfor Vestland.

Frå veke 26 til 27 er det liten endring i tal testa personar frå 9.928 i veke 26 til 9.822 i veke 27, men talet for veke 27 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøvar for veke 27 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa har auka sidan førre veke frå 0,4 % til 0,7 %, men talet for veke 27 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 0,6, som er ned frå 0,8 førre veke, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 12. juli opplyser Helse Vest på sine nettsider at helseforetaket har 4 pasientar innlagt med Covid-19. Alle er innlagt ved SUS, og det er såleis ingen pasientar innlagt i sjukehus som er primærsjukehus for kommunar i Vestland.

Status per 5. juli 2021 (veke 27)

Frå veke 25 til 26 er det førebels ein svak nedgang i nye tilfelle, frå 46 til 38, men talet for veke 26 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er fredeleg, utan nokon større lokale utbrot.

Frå veke 25 til 26 er det førebels ein liten nedgang i tal testa personar frå 10.187 i veke 25 til 9.352 i veke 26, men talet for veke 26 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 26 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa er førebels relativt uendra sidan førre veke på 0,4 %, men talet for veke 26 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 0,6, som er opp frå 0,3 førre veke, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet.

Måndag 5. juli opplyser Helse Vest på sine nettsider at helseforetaket har 3 pasientar innlagt med Covid-19. Alle er innlagt ved SUS, og det er såleis ingen pasientar innlagt i sjukehus som er primærsjukehus for kommunar i Vestland.

Status per 28. juni 2021 (veke 26)

Frå veke 24 til 25 er det førebels relativt uendra tal nye tilfelle, frå 40 til 43, men talet for veke 25 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er ingen kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er fredeleg, utan nokon større lokale utbrot.

Frå veke 24 til 25 er det førebels ein liten nedgang i tal testa personar frå 9.922 i veke 24 til 9.414 i veke 25, men talet for veke 25 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 25 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 24 på 0,4%, mens talet i veke 25 viser ein svak auke til 0,5 %. Talet for veke 25 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 0,3, som er ned frå 0,8 førre veke, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein usikker smittetrend for Vestland.

Fredag 25. juni er ingen pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, som er uendra femte veke på rad. Helse Førde og Helse Fonna har heller ingen innlagde med covid-19, som òg er uendra femte veke på rad

Status per 21. juni 2021 (veke 25)

Frå veke 23 til 24 er det førebels relative uendra tal nye tilfelle, frå 49 til 37, men talet for veke 24 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er inga kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er fredeleg, utan nokon større lokale utbrot.

Frå veke 23 til 24 er det førebels ein liten auke i tal testa personar frå 8.689 i veke 23 til 9.176 i veke 24, men talet for veke 24 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 24 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa var i veke 23 på 0,6 %, mens talet for veke 24 viser ein nedgang til 0,4 %. Talet for veke 24 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 0,8, som er uendra frå førre veke, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein sannsynleg aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 21. juni er ingen pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, som er uendra fjerde veke på rad. Helse Førde og Helse Fonna har heller ingen innlagde med covid-19, som òg er uendra fjerde veke på rad.

Status per 14. juni 2021 (veke 24)

Frå veke 22 til 23 er det førebels relative uendra tal nye tilfelle, frå 48 til 43, men talet for veke 23 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er inga kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Smittesituasjonen i fylket er fredeleg, utan nokon større lokale utbrot.

Frå veke 22 til 23 er det førebels ein liten nedgang i tal testa personar frå 8.806 i veke 22 til 8.150 i veke 23, men talet for veke 23 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 23 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa er førebels uendra sidan førre veke på 0,5 %, men talet for veke 23 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 0,8, som er opp frå 0,5 førre veke, men det er noko usikkerheit knytt til dette talet. FHI angjev ein fallande smittetrend for Vestland.

Måndag 14. juni er ingen pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, som er uendra tredje veke på rad. Helse Førde og Helse Fonna har heller ingen innlagde med covid-19, som òg er uendra tredje veke på rad.

Status per 7. juni 2021 (veke 23)

Frå veke 21 til 22 er det førebels ein større nedgang i tal smitta frå 87 til 43, men talet for veke 22 kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittetala er framleis fallande i Bergen kommune, og laurdag 5. juni vart det ikkje registrert nokon nye tilfelle. Det er inga kommunar med lokal forskrift i Vestland p.t. Situasjonen i fylket elles er relativt fredeleg, med berre mindre lokale utbrot.

Frå veke 21 til 22 er det førebels ein nedgang i tal testa personar frå 9.954 i veke 21 til 8.322 i veke 22, men talet for veke 22 kan bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 22 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa fell førebels frå 0,9 % i veke 21 til 0,5 % i veke 22, men talet for veke 22 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal (R) for Vestland frå FHI er 0,5, som er ned frå 0,9 førre veke, og det er meir enn 95% sannsynleg at R < 1. FHI angjev ein fallande smittetrend for Vestland.

Måndag 7. juni er ingen pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, som er uendra sidan førre veke. Helse Førde og Helse Fonna har heller ingen innlagde med covid-19, som òg er uendra frå førre veke.

Status per 31. mai 2021 (veke 22)

Frå veke 20 til 21 er det førebels ein større nedgang i tal smitta frå 142 til 81, men talet for veke 21 er venta å bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittetala er framleis fallande i Bergen kommune, og lokal forskrift med skjerpa tiltak vart avslutta 31. mai. Situasjonen i fylket elles er relativt fredeleg, med berre mindre lokale utbrot.

Frå veke 20 til 21 er det førebels ein stor nedgang i tal testa personar frå 13.218 i veke 20 til 9.315 i veke 21, men talet for veke 21 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 21 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa fell førebels frå 1,1 % i veke 20 til 0,9 % i veke 21, men talet for veke 21 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 0,9, som er uendra frå førre veke, men det er hefta stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein fallande smittetrend for Vestland.

Måndag 31. mai er ingen pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, som er ein mindre enn førre veke. Helse Førde og Helse Fonna har heller ingen innlagde med covid-19, som er uendra frå førre veke.

Status per 25. mai 2021 (veke 21)

Frå veke 19 til 20 er det førebels ein nedgang i tal smitta frå 181 til 135, men talet for veke 20 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Smittetala er no fallande i Bergen kommune, og lokal forskrift med skjerpa tiltak varar førebels fram til 26. mai. Situasjonen i fylket elles er fredeleg, med berre mindre lokale utbrot.

Frå veke 19 til 20 er det førebels ei auke i tal testa personar frå 12.812 i veke 19 til 13.187 i veke 20, men talet for veke 20 vil bli høgare etter kvart som alle prøver for veke 20 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa fell førebels frå 1,4 % i veke 19 til 1,0 % i veke 20, men talet for veke 20 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 0,9, som er opp frå 0,7 førre veke, men det er hefta stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein fallande smittetrend for Vestland.

Måndag 24. mai meldte Helse Bergen om eit dødsfall for innlagt pasient med covid-19.

Tysdag 25. mai er ein pasient innlagd med covid-19 i Helse Bergen, som er ein mindre enn førre veke. Helse Førde har ingen innlagd med covid-19, som er to mindre enn førre veke. Helse Fonna har ingen innlagd med covid-19 i Haugesund, Odda eller på Stord, som er uendra siste to veker.

Status per 18. mai 2021 (veke 20)

Frå veke 18 til 19 er det førebels ein nedgang i tal smitta frå 290 til 178, men talet for veke 19 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er knytt stor spenning til tal nye tilfelle i veke 20 etter langhelg og 17. mai-feiring i veke 19/20. Det er framleis lokal forskrift med skjerpa tiltak i Bergen kommune, som varer fram til 26. mai.

Frå veke 18 til 19 er det førebels ein nedgang i tal testa personar frå 15.070 i veke 18 til 12.785 i veke 19, men talet for veke 19 vil bli høgare etter kvart som alle prøver for veke 19 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa fell førebels frå 1,9 % i veke 18 til 1,4 % i veke 19, men talet for veke 19 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 0,7, som er ned frå 1,0 førre veke, men det er hefta stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein usikker smittetrend for Vestland.

Tysdag 18. mai er framleis to pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, men det er no ein i Bergen og ein på Voss. Helse Førde har to innlagde med covid-19, som er ein meir enn førre veke. Helse Fonna har ingen innlagd med covid-19 i Haugesund, Odda eller på Stord, som er uendra frå førre veke.

Status per 10. mai (veke 19)

Frå veke 17 til 18 er det førebels ein liten auke i tal smitta frå 230 til 240, men talet for veke 18 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Av lokale utbrot i fylket no, har Bjørnafjorden fått mange smitta dei siste dagane, i eit utbrot knytt til ein ungdomsskole. Fleire andre kommunar har òg hatt ein liten auke i tal smitta den siste veka, men med relativt låga tal. Dei fleste nysmitta er framleis i Bergen kommune, der det held fram med ei relativt flat utvikling, slik at lokale tiltak har blitt forlenga fram til 12. mai.

Frå veke 17 til 18 er det førebels ein auke i tal testa personar frå 13.530 i veke 17 til 13.948 i veke 18, men talet for veke 18 vil bli høgare etter kvart som alle prøver for veke 18 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa er førebels uendra på 1,7 % frå førre veke, men talet for veke 18 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,0, som er ned frå 1,2 førre veke, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein usikker smittetrend for Vestland.

Måndag 10. mai er to pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er to færre enn for ei veke sidan. I veke 18 hadde Helse Bergen i nokre dagar ingen innlagde med covid-19, for fyrste gong på 8 månader. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er ein meir enn førre veke. Helse Fonna har ingen innlagd med covid-19 i Haugesund, Odda eller på Stord.

Status per 3. mai 2021 (veke 18)

Frå veke 16 til 17 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 227 til 193, men tala for veke 17 er venta å bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS, sannsynlegvis omtrent på nivå med veke 16. Av lokale utbrot i fylket no, har Alver kommune hatt over tjue smitta den siste veka, men mange av desse er nærkontaktar. Dei fleste nysmitta er framleis i Bergen kommune, der det har vore jamne smittetal den siste veka, slik at lokale tiltak har blitt forlenga fram til 12. mai.

Frå veke 16 til 17 er det førebels ein nedgang i tal testa personar, frå 14.677 i veke 16 til 12.497 i veke 17, men talet for veke 17 vil bli høgare etter kvart som alle prøver for veke 17 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa er førebels uendra på 1,5 %, men talet for veke 17 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,2, som er ned frå 1,4 førre veke, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein usikker smittetrend for Vestland.

Måndag 3. mai er fire pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er seks færre enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ingen innlagd med covid-19, som er ein mindre enn førre veke. Helse Fonna har ein innlagd med covid-19 i Haugesund (ein meir enn førre veke), ingen på Stord (ein mindre enn førre veke) og ingen i Odda (uendra).

Status per 27. april 2021 (veke 17)

Frå veke 15 til 16 er det førebels ein større nedgang i tal smitta frå 307 til 187, men tala for veke 16 er venta å bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er inga større lokale utbrot i fylket no, dei fleste nysmitta er i Bergen kommune, men tala i Bergen ser òg ut til å vere sakte fallande. Det er framleis lokal forskrift med forsterka tiltak i Bergen kommune, som førebels gjeld i ei veke til.

Frå veke 15 til 16 er det førebels ein nedgang i tal testa personar, frå 15.439 i veke 15 til 13.434 i veke 16, men talet for veke 16 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 16 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa er fallande, frå 2,0 % i veke 15 til 1,4 % i veke 16, men talet for veke 16 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,4 også denne veka, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein sannsynleg minkande smittetrend for Vestland.

Måndag 26. april er ti pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er fem fleire enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er ein meir enn førre veke. Helse Fonna har ingen innlagde med covid-19 i Haugesund (fire færre enn førre veke), ein på Stord (ein meir enn førre veke) og ingen i Odda (uendra).

Status per 19. april 2021 (veke 16)

Frå veke 14 til 15 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 303 til 265, men tala for veke 15 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Dei lokale utbrota vi har sett den siste månaden er under kontroll, mens det har vore flest nye smitta i Bergen. Frå 20. april vil Bergen kommune innføre ei ny lokal forskrift med varigheit i førebels to veker.

Frå veke 14 til 15 er det førebels ein liten nedgang i tal testa personar, frå 16.383 i veke 14 til 14.307 i veke 15, men talet for veke 15 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 15 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa er lett aukande, frå 1,8 % i veke 14 til 1,9 % i veke 15, men talet for veke 15 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,4, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein sannsynleg minkande smittetrend for Vestland.

Måndag 19. april er fem pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er ein mindre enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ingen innlagd med covid-19, som er ein mindre enn førre veke. Helse Fonna har fire innlagde med covid-19 i Haugesund (fire færre enn førre veke), ingen på Stord (uendra) og ingen i Odda (ein mindre enn førre veke).

Status per 12. april 2021 (veke 15)

Frå veke 13 til 14 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 294 til 262, men tala for veke 14 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. I veke 14 har det vore flest nye smitta i Bergen, Kvam, Ullensvang og Øygarden.

Frå veke 13 til 14 var det ein forventa auke etter påske i tal testa personar, frå 14.634 i veke 13 til 15.407 i veke 14, men talet for veke 14 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 14 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa har førebels falt noko sidan påske, frå 2,0 % i veke 13 til 1,7 % i veke 14, men talet for veke 14 kan framleis endre seg noko. Dette kan skuldast at færre asymptomatiske testa seg i påsken, mens fleire har testa seg uavhengig av symptom etter at dei kom tilbake frå påskeferie, slik til dømes Bergen kommune har oppfordra til.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,3, mot 1,9 førre veke, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 12. april er seks pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er fem færre enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er uendra siste veke. Helse Fonna har åtte innlagde med covid-19 i Haugesund (uendra siste veke), ingen på Stord (ned frå ein) og ein i Odda (auke på ein).

Status per 6. april 2021 (veke 14)

Frå veke 12 til 13 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 267 til 225, men tala for veke 13 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. I veke 13 har utbrota i Askøy, Stad og Stord vore fallande og under kontroll, mens det har vore aukande smitte i Bergen, Ullensvang og Øygarden. Kvam herad meldte måndag om eit pågåande utbrot der.

Veke 13 var påskeveka, og frå veke 12 til 13 var det difor ein stor nedgang i tal testa personar (frå 23.535 til 12.940). Talet for veke 13 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøvar blir registrert. Grunna færre testa, men framleis mange positive prøvesvar, har raten positive prøvar blant dei testa førebels auka frå 1,1 % i veke 12 til 1,7 % i veke 13. Det er venta stor auke i tal personar som vil teste seg i veka etter påske og talet for veke 13 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,9, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. Likevel er det meir enn 95 % sikkert at R er større enn 1. Det er totalt sett ein usikker smittetrend for Vestland framover, med stor spenning knytt til tala for dei neste par vekene.

Tysdag 6. april er elleve pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er fem meir enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er uendra siste veke. Helse Fonna har åtte innlagde med covid-19 i Haugesund (nedgang på fire), ein på Stord (auke på ein) og framleis null i Odda.

Status per 30. mars 2021 (veke 13)

Frå veke 11 til 12 er det så langt ein nedgang i tal smitta frå 281 til 226, men tala for veke 12 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS. Det var stort sett pågåande utbrot som prega veke 12, der dei fleste av desse no ser ut til å flate ut og kome under kontroll. Bergen kommune hadde ei auke i tal smitta i veke 12, som skuldast utbrot ved både bedehusmiljø, treningssenter og studentmiljøet ved Høgskulen i Vestland, men smittetala har vore fallande dei siste dagane. Grunna dette har Bergen kommune gjort vedtak om mellombels stenging av treningssenter frå 28. mars til og med 31. mars, for å få oversikt over utbrotet. Rapportar frå utbrota ved bedehusmiljøa tydar på at viruset har smitta lett innandørs i kombinasjon med lovsong. I veke 12 kom òg forsterka nasjonale tiltak mot spreiing av covid-19, og det er forventa at det vil bidra til å redusere smittetrykket i Vestland ytterlegare.

Frå veke 11 til 12 var det ein stor auke i tal testa personar, frå 18.082 i veke 11 til 21.471 i veke 12. Talet for veke 12 vil bli enda høgare etter kvart som alle prøver for veke 12 blir registrert. Haukeland sjukehus melde i samband med dette at dei måtte skalere ned tal sekvenserte positive prøver til 25% av alle positive prøver, grunna stor pågang av testar til analyse. Raten positive prøvar blant dei testa har førebels gått ned frå 1,6 % i veke 11 til 1,1 % i veke 12, men talet for veke 11 kan framleis bli litt høgare.

Måndag 29. mars er seks pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er ein meir enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er uendra siste veke. Helse Fonna har tolv innlagde med covid-19 i Haugesund (auke på tre), ingen på Stord (nedgang på ein) og framleis null i Odda.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 0,9, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. Det er no ein usikker trend for Vestland med omsyn til smittesituasjonen, då det har vore ein auke i nye smittetilfelle over fleire veker, men med ein førebels nedgang førre veke. Med fleire lokale utbrot under kontroll no, er det høve til å vere forsiktig optimist.

Status per 23. mars 2021 (veke 12)

Frå veke 10 til 11 har så langt talet smitta auka frå 155 til 227, men tala er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Auken reflekterer både pågåande og nye lokale utbrot i veke 11, mellom anna i Stad, Sogndal, Sveio, på Stord, Askøy og Øygarden. Fleire av desse kommunane har òg teke avgjerd om lokal smittevernforskrift. Mange av utbrota skuldast muterte virusvariantar, og rapportar frå kommunane tydar på at desse smittar lettare og raskare enn det tradisjonelle viruset. Det vert jobba godt med TISK-strategien i kommunane, i tråd med tilrådingane frå FHI.

Det var stor auke i tal testa personar frå veke 9 (12.197) til veke 10 (17.593), og det nærmar seg like mange i veke 11 (16.173). Talet er venta å bli ein del høgare etter kvart som alle prøvar for veke 11 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa har førebels auka frå 0,9 % i veke 10 til 1,4 % i veke 11, men talet for veke 11 kan framleis bli litt høgare.

Måndag 22. mars er fem pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er to fleire enn for ei veke sidan. Voss sjukehus har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har éin innlagd med covid-19 (éin mindre enn veka før). Helse Fonna har ni innlagde med covid-19 i Haugesund (auke på fire), éin på Stord (auke på éin) og framleis null i Odda.

Det er ein aukande smittetrend i Vestland fylke totalt sett, med fleire lokale utbrot. Det skal likevel leggjast til at nokre av utbrota ser ut til å vere avgrensa til særskilde miljø. Bergen kommune har framleis låge smittetal. Bergen har tett dialog med dei andre kommunane i den tett integrerte bu- og arbeidsmarknadsregionen, der ein del av kommunane har aukande smittetal.

Status per 16. mars 2021 (veke 11)

Frå veke 9 til 10 er det så langt ein nedgang i tal smitta frå 142 til 92, men tala kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS. Nedgangen indikerer at dei større utbrota i fylket er kome under kontroll, men samstundes har det òg vore nye lokale utbrot i veke 9. Kommunane jobbar godt med TISK-strategien, og FHI tilrår no forsterka TISK for å ta høgd for muterte virusvariantar. Fleire smitta nærkontaktar vert fanga opp ved å teste inn i karantene, og husstandsmedlemer av nærkontaktar vert haldne heime til nærkontaktane har testa negativt.

Det var litt fleire som testa seg i veke 9 (12.197) enn i veke 8 (11.502), men i veke 10 er det igjen litt færre som har testa seg (11.040). Raten positive prøvar blant dei testa har førebels falle frå 1,2 % i veke 9 til 0,5 % i veke 10, men talet for veke 10 kan framleis bli litt høgare. Dette indikerer ein låg førekomst (prevalens) av smitte i Vestland fylke totalt sett.

Sveio kommune har med verknad frå 12. mars sett i verk lokal forskrift om smitteverntiltak. Dei gjer dette saman med dei andre kommunane i bu- og arbeidsmarknadsregion Haugalandet, grunna eit utbrot i Haugesund. Dei andre kommunane i fylket følgjer nasjonale forskrifter og tilrådingar.

Årdal kommune fekk påvist smitte med brasiliansk virusvariant den 12. mars. Denne vart påvist ved innreise til Noreg og den smitta har heile tida etterpå vore i isolasjon. To nærkontaktar vart òg raskt sett i karantene og har testa positivt. Det er ikkje venta fleire tilfelle enn dei som allereie er påvist.

Måndag 15. mars er tre pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen. Ingen av desse får per no intensivbehandling. Voss sjukehus har ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har to innlagde, Helse Fonna har fem i Haugesund og ingen i Odda og på Stord.

Samla sett vert smitteutviklinga i Vestland framleis vurdert som flat og med lågt trykk, men med nokre lokale utbrot ulike stadar. Bergen kommune har hatt stort sett låge smittetal i veka etter vinterferien.

Status per 8. mars 2021 (veke 10)

Frå veke 8 til 9 er det førebels ein auke i tal smitta frå 91 til 113, men tala kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS. Dette er førebels ein auke i tal nysmitta frå 27 til 32 per 100.000 innbyggarar. Auken heng mellom anna saman med eit utbrot knytt til Rothaugen skole i Bergen.

Samstundes har det sidan veke 6 vore færre som har testa seg for kvar veke (frå 11.502 personar i veke 8 til 11.053 personar i veke 9). Det heng sannsynlegvis saman med at dei lokale utbrota vi hadde for nokre veker sidan er under kontroll, og at det har vore vinterferie i vekene 8 og 9. Raten positive prøvar blant dei testa har stige frå 0,8 % til 1,0 % frå veke 8 til 9.

Det er no nasjonale forskrifter og tilrådingar som gjeld i heile Vestland, etter at Ulvik herad oppheva lokal smittevernforskrift 7. mars.

Måndag 8. mars er fem pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, der to av desse får intensivbehandling. Helse Fonna har to innlagde i Haugesund og ingen i Odda og på Stord. Helse Førde har ingen pasientar innlagde med covid-19.

Samla sett vurderast smitteutviklinga i Vestland framleis som flat og med lågt trykk, men noko ustabil med uavklart situasjon når det gjeld lokalt utbrot i Bergen, smitte frå austlandet og mogeleg auka smittetal etter vinterferie.

Status per 1. mars 2021 (veke 9)

Smittetrykket er no lågt i fylket, med flat smittetrend. Det var seksti registrerte smittetilfelle i fylket siste veke . Det kan sjå ut som vi er i avslutninga av dei store lokale utbrota. Det er likevel grunn til uro for spreiing av muterte virus/høge smittetal i andre fylke. Der er eit uavklart utbrot ved ein større ungdomsskule i Bergen, med 139 elevar i karantene. I fylket er ti pasientar innlagt på sjukehus. Vi har ikkje opplysningar om driftsproblem i helsetenestene.

Status per 22. februar 2021 (veke 8)

Frå veke 6 til 7 er det førebels ein nedgang i tal smitta frå 153 til 76, men tala kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS.  Dette er førebels ein reduksjon i tal nysmitta frå 58 til 36 per 100.000 innbyggarar. Samstundes er det færre som har testa seg, frå 16.090 personar i veke 6 til 11.398 personar i veke 7, noko som heng saman med at dei lokale utbrota vi har sett nærmar seg slutten. Raten positive prøvar blant dei testa har falt frå 1,0 % til 0,7 % i desse to vekene.

Dei større lokale utbrota er no under kontroll, og alle vedtaka som vart gjort av regjeringa dei siste to vekene i samband med dette, er no oppheva. Kommunane har i all hovudsak gått tilbake til å følgje nasjonale forskrifter og tilrådingar, men med enkelte unntak. Ulvik herad har framleis ei lokal smittevernforskrift som inntil vidare gjeld til 7. mars, og kommunane i Bergensområdet har eigne forskrifter om smittevernfagleg drift på byggeplassar.

Måndag 22. februar er seks pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, der fire av desse får intensivbehandling. Helse Fonna har to innlagde i Haugesund og Helse Førde har null.

Det er framleis ei generell bekymring for psykisk helse hos barn- og ungdom og samhandlinga om dette.

Status per 15. februar 2021 (veke 7)

For vekene 5 og 6 har Vestland fylke eit reproduksjonstal R på 0,8 og som heilheit er det framleis ein fredeleg situasjon, då det er få kommunar som står for dei fleste smitta i fylket no. Tal nye smitta personar falt frå 217 i veke 5 til 117 i veke 6, med ein reduksjon frå 1,7 % til 0,8 % i tal positive prøvar blant personar som er testa, sjølv om det er ein liten auke i tal personar som er testa.

Situasjonen i Vestland fylke har dei siste vekene vore prega av lokale smitteutbrota i fleire kommunar. Spesielt Ulvik herad har hatt utfordringar med omsyn til drift av nokre kommunale tilbod, men har fått god støtte og hjelp frå nabokommunar og Helse Bergen på ulike tenesteområde.

Situasjonen begynner likevel å komme under kontroll, og regjeringa har difor gjort vedtak om lågare tiltaksgrad for alle kommunar, med unntak av Ulvik, som framleis ligg under kapittel 5A i covid-19-forskrifta. Desse tiltaka gjeld frå måndag 15. februar til og med måndag 22. februar. Det blir gjort nye vurderingar torsdag i veke 7.

Vi har framleis ikkje fått rapportert negative konsekvensar for drift av spesialisthelsetenesta som følgje av dei lokale utbrota, men frå helseføretaka er det peikt på ei generell, aukande bekymring for psykisk helse hos barn- og ungdom og samhandlinga om dette.

Status per 8. februar 2021 (veke 6)

For vekene 4 og 5 vert Vestland plassert samla sett på risikonivå 1 for alle indikatorar, med unntak av reproduksjonstalet R på 1,0, som indikerer ei flat utvikling. Den overordna smittesituasjonen for fylket vert difor vurdert som fredeleg.

Samstundes har det i same periode vore fleire lokale utbrot, med forgreiningar til fleire nabokommunar. Det største utbrotet er i Ulvik herad. I nokre av utbrota er det òg påvist ein av dei nye virusvariantene i ein god del av prøvane. I Bergen kommune er det ein uavklart situasjon med ein kombinasjon av nye virusvariantar og ukjente smittevegar. På bakgrunn av dette vart regjeringa bedt om å setje i verk forsterka smitteverntiltak gjennom eiga forskrift. For meir informasjon om den nasjonale forskrifta, sjå artikkel med meir informasjon og lenker til forskrift her

Forskrifta gjeld i første omgang frå 7. til og med 14. februar. Bergen kommune, Kvam herad og Ulvik herad er omfatta av dei strengaste tiltaka jf. kapittel 5A i covid-19-forskriften («ring 1-kommunar»), og ti andre kommunar er omfatta av noko mildare tiltak jf. kapittel 5B i covid-19-forskriften («ring 2-kommunar»).

I Ulvik herad har utbrotet ført til utfordringar med å yte kommunale tenester, og fleire nabokommunar og ein utanfor Hardangerregionen har etter oppmoding bistått med ressursar til Ulvik. Heradet nærmar seg ein kritisk situasjon med tanke på personellutfordringar, og det blir gjort fortløpande vurderingar av situasjonen. Heradet gir elles uttrykk for eit godt samarbeid med nabokommunane, Bergen kommune, helseføretaket og Statsforvaltaren.

Vår vurdering er at TISK-strategien generelt fungerer godt for å få kontroll over utbrota. Utbrotet i Ulvik illustrerer likevel veldig tydeleg korleis eit lokalt utbrot i mindre kommunar har potensiale til raskt å få store konsekvensar.

Vi har ikkje fått rapportert negative konsekvensar for drift av spesialisthelsetenesta som følgje av dei lokale utbrota.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.