Risikovurderingar og beredskap i kommunane

Med ein "normal hverdag med økt beredskap" har regjeringa frå slutten av september 2021 gått frå ein kontrollstrategi til ein beredskapsstrategi. Som ved andre luftvegsinfeksjonar må vi akseptere noko smitte i samfunnet, og handteringa av pandemien vil avhenge av korleis sjukdomsbyrden og smittesituasjonen utviklar seg.

Publisert 01.02.2021, Sist endra 20.10.2021

Kommunane har gjennom pandemien rapportert om m.a. smittetal, testing, smittesporing og kapasitet i dei kommunale helsetenestene via Statsforvaltar til sentrale styresmakter. Tidlegare gjorde kommunane kvar veke ei vurdering av risikonivå, basert på nivå og utvikling av smitteførekomst, testaktivitet, kva grupper som var ramma og om smittetilfelle var knytt til kjente utbrot. Statsforvaltarane samanstilte innmeldte risikovurderingar i ei kartløysing, som var tilgjengeleg i denne artikkelen. Frå gjenopninga av samfunnet til ein normal kvardag med auka beredskap, skal ikkje lenger kommunane vurdere risikonivå.

Risikovurderingar på nasjonalt nivå

På nasjonalt nivå, legg styresmaktene fleire indikatorar til grunn for kva risiko dei skal styre etter. Tal pasientar i sjukehus, aldersfordeling av innlagte pasientar, belegg på intensivavdelingar og behandlingskapasitet i kommunane. I tillegg kjem ein heilskapleg vurdering av epidemiens utvikling.

Risikovurderingar og beredskap på kommunalt nivå

Det finns ei rekkje indikatorar som gir kommunane informasjon og grunnlag for lokale vurderingar, m.a. smitteutbrot, vaksinasjonsdekning, pågang hjå helsetenestene og sjukefråvær.

I følgje nasjonal strategi og beredskapsplan for handtering av covid-19-pandemien, må kommunane inntil vidare ha kapasitet til både vaksinasjon og nedjustert TISK. Kommunane skal ha ein beredskap for å kunne handtere smitteutbrot, og for å på relativt kort tid kunne oppskalere TISK-kapasitet ved behov. Kommunane må oppretthalde vaksinasjonskapasitet tilsvarande 200 000 dosar nasjonalt per veke ut 2021. Dei må òg ha ein beredskap som gjer det mogleg å auke kapasiteten betydeleg i løpet av ein månad dersom det skulle bli behov for det. Dersom det skulle kome ei lokal eller nasjonal større auke i smittespreiing som gir ein svært belastande sjukdomsbyrde, må kommunane vere førebudd på å avgrense smittespreiing gjennom lokale tiltak. Det kan òg bli aktuelt å innføre nasjonale tiltak. Beredskapen i kommunane må òg ta høgde for at det i haust og vinter kan bli ei større sjukdomsbyrde og belastning på helse- og omsorgstenestene på grunn av andre luftvegsinfeksjonar.

Kommunane rapporterer framleis om m.a. smittesituasjon, beredskap og kapasitet til sentrale styresmakter via Statsforvaltaren kvar veke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.