Fylkeslegens vurdering av risikonivå i Vestland

Her finn du fylkeslegens vurderingar av risikonivå i Vestland, oppdaterast ein gong per veke frå februar 2021.

Publisert 08.02.2021, Sist endret 27.04.2021

Status per 3. mai 2021 (veke 18)

Frå veke 16 til 17 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 227 til 193, men tala for veke 17 er venta å bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS, sannsynlegvis omtrent på nivå med veke 16. Av lokale utbrot i fylket no, har Alver kommune hatt over tjue smitta den siste veka, men mange av desse er nærkontaktar. Dei fleste nysmitta er framleis i Bergen kommune, der det har vore jamne smittetal den siste veka, slik at lokale tiltak har blitt forlenga fram til 12. mai.

Frå veke 16 til 17 er det førebels ein nedgang i tal testa personar, frå 14.677 i veke 16 til 12.497 i veke 17, men talet for veke 17 vil bli høgare etter kvart som alle prøver for veke 17 blir registrert i MSIS. Raten positive prøvar blant dei testa er førebels uendra på 1,5 %, men talet for veke 17 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,2, som er ned frå 1,4 førre veke, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein usikker smittetrend for Vestland.

Måndag 3. mai er fire pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er seks færre enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ingen innlagd med covid-19, som er ein mindre enn førre veke. Helse Fonna har ein innlagd med covid-19 i Haugesund (ein meir enn førre veke), ingen på Stord (ein mindre enn førre veke) og ingen i Odda (uendra).

Fylkeslegens vurdering frå tidlegare veker

Status per 27. april 2021 (veke 17)

Frå veke 15 til 16 er det førebels ein større nedgang i tal smitta frå 307 til 187, men tala for veke 16 er venta å bli noko høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Det er inga større lokale utbrot i fylket no, dei fleste nysmitta er i Bergen kommune, men tala i Bergen ser òg ut til å vere sakte fallande. Det er framleis lokal forskrift med forsterka tiltak i Bergen kommune, som førebels gjeld i ei veke til.

Frå veke 15 til 16 er det førebels ein nedgang i tal testa personar, frå 15.439 i veke 15 til 13.434 i veke 16, men talet for veke 16 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 16 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa er fallande, frå 2,0 % i veke 15 til 1,4 % i veke 16, men talet for veke 16 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,4 også denne veka, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein sannsynleg minkande smittetrend for Vestland.

Måndag 26. april er ti pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er fem fleire enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er ein meir enn førre veke. Helse Fonna har ingen innlagde med covid-19 i Haugesund (fire færre enn førre veke), ein på Stord (ein meir enn førre veke) og ingen i Odda (uendra).

Status per 19. april 2021 (veke 16)

Frå veke 14 til 15 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 303 til 265, men tala for veke 15 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Dei lokale utbrota vi har sett den siste månaden er under kontroll, mens det har vore flest nye smitta i Bergen. Frå 20. april vil Bergen kommune innføre ei ny lokal forskrift med varigheit i førebels to veker.

Frå veke 14 til 15 er det førebels ein liten nedgang i tal testa personar, frå 16.383 i veke 14 til 14.307 i veke 15, men talet for veke 15 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 15 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa er lett aukande, frå 1,8 % i veke 14 til 1,9 % i veke 15, men talet for veke 15 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,4, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein sannsynleg minkande smittetrend for Vestland.

Måndag 19. april er fem pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er ein mindre enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ingen innlagd med covid-19, som er ein mindre enn førre veke. Helse Fonna har fire innlagde med covid-19 i Haugesund (fire færre enn førre veke), ingen på Stord (uendra) og ingen i Odda (ein mindre enn førre veke).

Status per 12. april 2021 (veke 15)

Frå veke 13 til 14 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 294 til 262, men tala for veke 14 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. I veke 14 har det vore flest nye smitta i Bergen, Kvam, Ullensvang og Øygarden.

Frå veke 13 til 14 var det ein forventa auke etter påske i tal testa personar, frå 14.634 i veke 13 til 15.407 i veke 14, men talet for veke 14 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøver for veke 14 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa har førebels falt noko sidan påske, frå 2,0 % i veke 13 til 1,7 % i veke 14, men talet for veke 14 kan framleis endre seg noko. Dette kan skuldast at færre asymptomatiske testa seg i påsken, mens fleire har testa seg uavhengig av symptom etter at dei kom tilbake frå påskeferie, slik til dømes Bergen kommune har oppfordra til.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,3, mot 1,9 førre veke, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. FHI angjev ein aukande smittetrend for Vestland.

Måndag 12. april er seks pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er fem færre enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er uendra siste veke. Helse Fonna har åtte innlagde med covid-19 i Haugesund (uendra siste veke), ingen på Stord (ned frå ein) og ein i Odda (auke på ein).

Status per 6. april 2021 (veke 14)

Frå veke 12 til 13 er det førebels ein liten nedgang i tal smitta frå 267 til 225, men tala for veke 13 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. I veke 13 har utbrota i Askøy, Stad og Stord vore fallande og under kontroll, mens det har vore aukande smitte i Bergen, Ullensvang og Øygarden. Kvam herad meldte måndag om eit pågåande utbrot der.

Veke 13 var påskeveka, og frå veke 12 til 13 var det difor ein stor nedgang i tal testa personar (frå 23.535 til 12.940). Talet for veke 13 vil bli noko høgare etter kvart som alle prøvar blir registrert. Grunna færre testa, men framleis mange positive prøvesvar, har raten positive prøvar blant dei testa førebels auka frå 1,1 % i veke 12 til 1,7 % i veke 13. Det er venta stor auke i tal personar som vil teste seg i veka etter påske og talet for veke 13 kan framleis endre seg noko.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 1,9, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. Likevel er det meir enn 95 % sikkert at R er større enn 1. Det er totalt sett ein usikker smittetrend for Vestland framover, med stor spenning knytt til tala for dei neste par vekene.

Tysdag 6. april er elleve pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er fem meir enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er uendra siste veke. Helse Fonna har åtte innlagde med covid-19 i Haugesund (nedgang på fire), ein på Stord (auke på ein) og framleis null i Odda.

Status per 30. mars 2021 (veke 13)

Frå veke 11 til 12 er det så langt ein nedgang i tal smitta frå 281 til 226, men tala for veke 12 er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS. Det var stort sett pågåande utbrot som prega veke 12, der dei fleste av desse no ser ut til å flate ut og kome under kontroll. Bergen kommune hadde ei auke i tal smitta i veke 12, som skuldast utbrot ved både bedehusmiljø, treningssenter og studentmiljøet ved Høgskulen i Vestland, men smittetala har vore fallande dei siste dagane. Grunna dette har Bergen kommune gjort vedtak om mellombels stenging av treningssenter frå 28. mars til og med 31. mars, for å få oversikt over utbrotet. Rapportar frå utbrota ved bedehusmiljøa tydar på at viruset har smitta lett innandørs i kombinasjon med lovsong. I veke 12 kom òg forsterka nasjonale tiltak mot spreiing av covid-19, og det er forventa at det vil bidra til å redusere smittetrykket i Vestland ytterlegare.

Frå veke 11 til 12 var det ein stor auke i tal testa personar, frå 18.082 i veke 11 til 21.471 i veke 12. Talet for veke 12 vil bli enda høgare etter kvart som alle prøver for veke 12 blir registrert. Haukeland sjukehus melde i samband med dette at dei måtte skalere ned tal sekvenserte positive prøver til 25% av alle positive prøver, grunna stor pågang av testar til analyse. Raten positive prøvar blant dei testa har førebels gått ned frå 1,6 % i veke 11 til 1,1 % i veke 12, men talet for veke 11 kan framleis bli litt høgare.

Måndag 29. mars er seks pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er ein meir enn for ei veke sidan. Voss har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har ein innlagd med covid-19, som er uendra siste veke. Helse Fonna har tolv innlagde med covid-19 i Haugesund (auke på tre), ingen på Stord (nedgang på ein) og framleis null i Odda.

Siste reproduksjonstal for Vestland frå FHI er 0,9, men det er hefta relativt stor usikkerheit til nøyaktigheita av dette. Det er no ein usikker trend for Vestland med omsyn til smittesituasjonen, då det har vore ein auke i nye smittetilfelle over fleire veker, men med ein førebels nedgang førre veke. Med fleire lokale utbrot under kontroll no, er det høve til å vere forsiktig optimist.

Status per 23. mars 2021 (veke 12)

Frå veke 10 til 11 har så langt talet smitta auka frå 155 til 227, men tala er venta å bli høgare etter kvart som alle tilfella blir meldt inn til MSIS. Auken reflekterer både pågåande og nye lokale utbrot i veke 11, mellom anna i Stad, Sogndal, Sveio, på Stord, Askøy og Øygarden. Fleire av desse kommunane har òg teke avgjerd om lokal smittevernforskrift. Mange av utbrota skuldast muterte virusvariantar, og rapportar frå kommunane tydar på at desse smittar lettare og raskare enn det tradisjonelle viruset. Det vert jobba godt med TISK-strategien i kommunane, i tråd med tilrådingane frå FHI.

Det var stor auke i tal testa personar frå veke 9 (12.197) til veke 10 (17.593), og det nærmar seg like mange i veke 11 (16.173). Talet er venta å bli ein del høgare etter kvart som alle prøvar for veke 11 blir registrert. Raten positive prøvar blant dei testa har førebels auka frå 0,9 % i veke 10 til 1,4 % i veke 11, men talet for veke 11 kan framleis bli litt høgare.

Måndag 22. mars er fem pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, det er to fleire enn for ei veke sidan. Voss sjukehus har framleis ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har éin innlagd med covid-19 (éin mindre enn veka før). Helse Fonna har ni innlagde med covid-19 i Haugesund (auke på fire), éin på Stord (auke på éin) og framleis null i Odda.

Det er ein aukande smittetrend i Vestland fylke totalt sett, med fleire lokale utbrot. Det skal likevel leggjast til at nokre av utbrota ser ut til å vere avgrensa til særskilde miljø. Bergen kommune har framleis låge smittetal. Bergen har tett dialog med dei andre kommunane i den tett integrerte bu- og arbeidsmarknadsregionen, der ein del av kommunane har aukande smittetal.

Status per 16. mars 2021 (veke 11)

Frå veke 9 til 10 er det så langt ein nedgang i tal smitta frå 142 til 92, men tala kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS. Nedgangen indikerer at dei større utbrota i fylket er kome under kontroll, men samstundes har det òg vore nye lokale utbrot i veke 9. Kommunane jobbar godt med TISK-strategien, og FHI tilrår no forsterka TISK for å ta høgd for muterte virusvariantar. Fleire smitta nærkontaktar vert fanga opp ved å teste inn i karantene, og husstandsmedlemer av nærkontaktar vert haldne heime til nærkontaktane har testa negativt.

Det var litt fleire som testa seg i veke 9 (12.197) enn i veke 8 (11.502), men i veke 10 er det igjen litt færre som har testa seg (11.040). Raten positive prøvar blant dei testa har førebels falle frå 1,2 % i veke 9 til 0,5 % i veke 10, men talet for veke 10 kan framleis bli litt høgare. Dette indikerer ein låg førekomst (prevalens) av smitte i Vestland fylke totalt sett.

Sveio kommune har med verknad frå 12. mars sett i verk lokal forskrift om smitteverntiltak. Dei gjer dette saman med dei andre kommunane i bu- og arbeidsmarknadsregion Haugalandet, grunna eit utbrot i Haugesund. Dei andre kommunane i fylket følgjer nasjonale forskrifter og tilrådingar.

Årdal kommune fekk påvist smitte med brasiliansk virusvariant den 12. mars. Denne vart påvist ved innreise til Noreg og den smitta har heile tida etterpå vore i isolasjon. To nærkontaktar vart òg raskt sett i karantene og har testa positivt. Det er ikkje venta fleire tilfelle enn dei som allereie er påvist.

Måndag 15. mars er tre pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen. Ingen av desse får per no intensivbehandling. Voss sjukehus har ingen innlagde med covid-19. Helse Førde har to innlagde, Helse Fonna har fem i Haugesund og ingen i Odda og på Stord.

Samla sett vert smitteutviklinga i Vestland framleis vurdert som flat og med lågt trykk, men med nokre lokale utbrot ulike stadar. Bergen kommune har hatt stort sett låge smittetal i veka etter vinterferien.

Status per 8. mars 2021 (veke 10)

Frå veke 8 til 9 er det førebels ein auke i tal smitta frå 91 til 113, men tala kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS. Dette er førebels ein auke i tal nysmitta frå 27 til 32 per 100.000 innbyggarar. Auken heng mellom anna saman med eit utbrot knytt til Rothaugen skole i Bergen.

Samstundes har det sidan veke 6 vore færre som har testa seg for kvar veke (frå 11.502 personar i veke 8 til 11.053 personar i veke 9). Det heng sannsynlegvis saman med at dei lokale utbrota vi hadde for nokre veker sidan er under kontroll, og at det har vore vinterferie i vekene 8 og 9. Raten positive prøvar blant dei testa har stige frå 0,8 % til 1,0 % frå veke 8 til 9.

Det er no nasjonale forskrifter og tilrådingar som gjeld i heile Vestland, etter at Ulvik herad oppheva lokal smittevernforskrift 7. mars.

Måndag 8. mars er fem pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, der to av desse får intensivbehandling. Helse Fonna har to innlagde i Haugesund og ingen i Odda og på Stord. Helse Førde har ingen pasientar innlagde med covid-19.

Samla sett vurderast smitteutviklinga i Vestland framleis som flat og med lågt trykk, men noko ustabil med uavklart situasjon når det gjeld lokalt utbrot i Bergen, smitte frå austlandet og mogeleg auka smittetal etter vinterferie.

Status per 1. mars 2021 (veke 9)

Smittetrykket er no lågt i fylket, med flat smittetrend. Det var seksti registrerte smittetilfelle i fylket siste veke . Det kan sjå ut som vi er i avslutninga av dei store lokale utbrota. Det er likevel grunn til uro for spreiing av muterte virus/høge smittetal i andre fylke. Der er eit uavklart utbrot ved ein større ungdomsskule i Bergen, med 139 elevar i karantene. I fylket er ti pasientar innlagt på sjukehus. Vi har ikkje opplysningar om driftsproblem i helsetenestene.

Status per 22. februar 2021 (veke 8)

Frå veke 6 til 7 er det førebels ein nedgang i tal smitta frå 153 til 76, men tala kan bli noko høgare etter kvart som alle tilfelle blir meldt inn til MSIS.  Dette er førebels ein reduksjon i tal nysmitta frå 58 til 36 per 100.000 innbyggarar. Samstundes er det færre som har testa seg, frå 16.090 personar i veke 6 til 11.398 personar i veke 7, noko som heng saman med at dei lokale utbrota vi har sett nærmar seg slutten. Raten positive prøvar blant dei testa har falt frå 1,0 % til 0,7 % i desse to vekene.

Dei større lokale utbrota er no under kontroll, og alle vedtaka som vart gjort av regjeringa dei siste to vekene i samband med dette, er no oppheva. Kommunane har i all hovudsak gått tilbake til å følgje nasjonale forskrifter og tilrådingar, men med enkelte unntak. Ulvik herad har framleis ei lokal smittevernforskrift som inntil vidare gjeld til 7. mars, og kommunane i Bergensområdet har eigne forskrifter om smittevernfagleg drift på byggeplassar.

Måndag 22. februar er seks pasientar innlagde med covid-19 i Helse Bergen, der fire av desse får intensivbehandling. Helse Fonna har to innlagde i Haugesund og Helse Førde har null.

Det er framleis ei generell bekymring for psykisk helse hos barn- og ungdom og samhandlinga om dette.

Status per 15. februar 2021 (veke 7)

For vekene 5 og 6 har Vestland fylke eit reproduksjonstal R på 0,8 og som heilheit er det framleis ein fredeleg situasjon, då det er få kommunar som står for dei fleste smitta i fylket no. Tal nye smitta personar falt frå 217 i veke 5 til 117 i veke 6, med ein reduksjon frå 1,7 % til 0,8 % i tal positive prøvar blant personar som er testa, sjølv om det er ein liten auke i tal personar som er testa.

Situasjonen i Vestland fylke har dei siste vekene vore prega av lokale smitteutbrota i fleire kommunar. Spesielt Ulvik herad har hatt utfordringar med omsyn til drift av nokre kommunale tilbod, men har fått god støtte og hjelp frå nabokommunar og Helse Bergen på ulike tenesteområde.

Situasjonen begynner likevel å komme under kontroll, og regjeringa har difor gjort vedtak om lågare tiltaksgrad for alle kommunar, med unntak av Ulvik, som framleis ligg under kapittel 5A i covid-19-forskrifta. Desse tiltaka gjeld frå måndag 15. februar til og med måndag 22. februar. Det blir gjort nye vurderingar torsdag i veke 7.

Vi har framleis ikkje fått rapportert negative konsekvensar for drift av spesialisthelsetenesta som følgje av dei lokale utbrota, men frå helseføretaka er det peikt på ei generell, aukande bekymring for psykisk helse hos barn- og ungdom og samhandlinga om dette.

Status per 8. februar 2021 (veke 6)

For vekene 4 og 5 vert Vestland plassert samla sett på risikonivå 1 for alle indikatorar, med unntak av reproduksjonstalet R på 1,0, som indikerer ei flat utvikling. Den overordna smittesituasjonen for fylket vert difor vurdert som fredeleg.

Samstundes har det i same periode vore fleire lokale utbrot, med forgreiningar til fleire nabokommunar. Det største utbrotet er i Ulvik herad. I nokre av utbrota er det òg påvist ein av dei nye virusvariantene i ein god del av prøvane. I Bergen kommune er det ein uavklart situasjon med ein kombinasjon av nye virusvariantar og ukjente smittevegar. På bakgrunn av dette vart regjeringa bedt om å setje i verk forsterka smitteverntiltak gjennom eiga forskrift. For meir informasjon om den nasjonale forskrifta, sjå artikkel med meir informasjon og lenker til forskrift her

Forskrifta gjeld i første omgang frå 7. til og med 14. februar. Bergen kommune, Kvam herad og Ulvik herad er omfatta av dei strengaste tiltaka jf. kapittel 5A i covid-19-forskriften («ring 1-kommunar»), og ti andre kommunar er omfatta av noko mildare tiltak jf. kapittel 5B i covid-19-forskriften («ring 2-kommunar»).

I Ulvik herad har utbrotet ført til utfordringar med å yte kommunale tenester, og fleire nabokommunar og ein utanfor Hardangerregionen har etter oppmoding bistått med ressursar til Ulvik. Heradet nærmar seg ein kritisk situasjon med tanke på personellutfordringar, og det blir gjort fortløpande vurderingar av situasjonen. Heradet gir elles uttrykk for eit godt samarbeid med nabokommunane, Bergen kommune, helseføretaket og Statsforvaltaren.

Vår vurdering er at TISK-strategien generelt fungerer godt for å få kontroll over utbrota. Utbrotet i Ulvik illustrerer likevel veldig tydeleg korleis eit lokalt utbrot i mindre kommunar har potensiale til raskt å få store konsekvensar.

Vi har ikkje fått rapportert negative konsekvensar for drift av spesialisthelsetenesta som følgje av dei lokale utbrota.