Statsforvaltaren tilrår vern av Buggastrondi

I Buggastrondi er det både tørr kallkfuruskog, edellauvtre og gamal boreal lauvskog. Vi tilrår å opprette eit naturreservat her for å ta vare på disse nasjonale verneverdiane.
I Buggastrondi er det både tørr kallkfuruskog, edellauvtre og gamal boreal lauvskog. Vi tilrår å opprette eit naturreservat her for å ta vare på disse nasjonale verneverdiane. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vi tilrår frivillig skogvern av Buggastrondi i Luster kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar. Med status som naturreservat vert desse verdiane godt varetekne. 

Publisert 27.04.2021

Buggastrondi har høge kvalitetar i både storleik og arrondering. Det tilrådde området dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell langs Lustrafjorden og ligg i nærleiken av andre verneområde. Floraen er artsrik, og det er registrert kravfulle marklevande sopp. Raudlista og truga artar er registrert, og det er potensial for å finne fleire.  

Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 183/20, 183/39, 183/37 og 182/2 i Luster kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar, og dekkjer eit areal på 4054,5 dekar. 

I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring kunngjort i Sogn Avis og presentert på nettstaden til Fylkesmannen, seinare Statsforvaltaren i Vestland.  

Endringar under behandlinga av verneplanen  

Det har ikkje vore grenseendringar i løpet av den formelle verneprosessen.  

Opphavleg hadde området arbeidsnamn Kinsedal Sør, men Fylkesmannen foreslo namnet Buggestrondi i oppstartsprosessen. Språkrådet hadde innspel om at området burde heite Buggastrondi, noko vi støtta oss på i høyringa og tilrår dette namnet. 

I oppstart og høyring var formuleringa knytt til beiting i verneområde slik: Beiting med beitedyr som har tradisjon i området og som ikkje er til påviseleg skade for det biologiske mangfaldet. Vi har endra dette til Beiting, i tråd med standard formulering for frivillig skogvernområde. 

Lind er eit edellauvtre, og trivst i varme lommer langs fjorden. Edellauvskog er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Buggestrondi vil gje eit verdifullt bidrag til å ta vare på naturmangfaldet i fylket. Lind kan ha tyding "skjold" skildra i Snorre-Edda.
Lind er eit edellauvtre, og trivst i varme lommer langs fjorden. Edellauvskog er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Buggestrondi vil gje eit verdifullt bidrag til å ta vare på naturmangfaldet i fylket. Lind kan ha tyding "skjold" skildra i Snorre-Edda. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Verneformål og områdestatus  

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur i eit skogsområde med svært viktige naturverdiar i Vest-Noreg. Heimelsgrunnlaget er naturmangfaldlova § 37 a. Det er ei målsetting å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.  

Arealet inngår som landbruks, natur- og friluftsliv (LNFR) i gjeldande kommuneplan. Det føreligg ingen reguleringsplanar for området. Luster kommune skriv i oppstartsmeldinga at Buggestrondi ligg inne i framlegget til buffersone rundt verdsarven Urnes. Grunnlaget for planområdet ligg inne i UNESCO sine Operational Guidelines, der det er forventa at alle verdsarvområde skal ha ein buffersone.  

Området er utan inngrep, kraftlinje og framande artar.  Den nordlege delen av området har mange kulturminne frå andre verdskrig.  

Vi gjer framlegg om bålforbod i forskrifta, då Buggastrondi er eit tørt og avsidesliggjande område. Dette er i tråd med grunneigarane sitt ønskje. Med eit vernevedtak vil området få meir merksemd. Besøkande til verdsarven vil også få informasjon om naturreservatet i nærleiken, og auke tilstrøyminga. Grunna store naturverdiar tilrår vi bålforbod i naturreservatet.  

Forvalting, økonomiske og administrative konsekvensar  

Luster kommune har god kompetanse og erfaring med forvaltning av verna område, og vi ser på det som naturleg at dei får tilbod om delegering av forvaltningsmynde for Buggastrondi. Fordi det ikkje er gjort inngrep i nyare tid i området, og heller ikkje er planta gran her, kan vi ikkje sjå utgifter knytt til tiltak ved verna av området. Det vil elles vere eit ordinært oppsyn i området i regi av Statens naturoppsyn (SNO). 

Merknader til verneforslaget  

Oppstart og høyringsbrev for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dette brevet. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden til Fylkesmannen, seinare Statsforvaltaren i Vestland, og kunngjort i Sogn Avis.  

Oppstart vart meldt 17. desember 2020, og høyringa vart lagt ut den 11. februar 2021. Det kom inn totalt 16 uttaler til verneforslaget, og ingen av desse har vore kritiske til verneforslaget. 

Språkrådet kom med uttale om å bruke namnet Buggastrondi, noko vi støttar.    

Fortidsminneforeninga kom med framlegg om, i verneforskrifta, å opne for uttak av spesialvirke til formidlingsprosjekt for Urnes stavkyrkje. Statsforvaltaren meiner det bør være rom for å ta ut spesialvirke i andre område enn i Buggastrondi naturreservat.  

Norsk Bergindustri skriv at det er svært viktig at ei verneforskrift tek omsyn til framtidige mogelege geologiske drivverdige førekomstar. Dei vil at §§ 4, 6-8 tek omsyn til utvinning og tilgang til eit eventuelt utvinningsområde. Statsforvaltaren meiner at mineralutvinning med tilkomstveg her ikkje er tilrådeleg eller i samsvar med naturmangfaldlova, og vil ikkje tilrå dette i eit naturreservat. 

Luster kommune, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Direktoratet for mineralforvaltning, Statens vegvesen, Statnett, Landbruksdirektoratet, og Forsvarsbygg har ingen vesentleg merknader. 

Buggestrondi i Luster er eit område frå fjord til fjell langs Lustrafjorden, sør for Kinsedalen. Rogna trivst langs fjorden. Namnet kjem frå det norrøne "reynir" og betyr raud.
Buggestrondi i Luster er eit område frå fjord til fjell langs Lustrafjorden, sør for Kinsedalen. Rogna trivst langs fjorden. Namnet kjem frå det norrøne "reynir" og betyr raud. Foto: Statsforvaltaren i Vestland /Maria Knagenhjelm..

Vurdering etter naturmangfaldlova   

Etablering av Buggastrondi naturreservat i Luster vil sikre naturmangfaldet i dette området mot fysiske inngrep, jf. naturmangfaldlova § 8. Det har særs positiv betyding for artsmangfaldet her, ettersom fysiske inngrep er dokumentert å vere det største trugsmålet mot naturmangfald både globalt og lokalt i Norge.   

Ivaretaking og vidare naturleg utvikling av naturmangfaldet i naturreservata vil også kunne fungere som ei kjelde for å styrke populasjonar av plante- og dyreartar utanfor reservatgrensene, jf. naturmangfaldlova § 10 om samla belastning. På den andre sida av Lustrafjorden for Buggastrondi ligg Luster allmenning naturreservat som også er eit skogreservat. To naturreservat med skognatur relativ nær kvarandre vil gjere dei meir robuste og auke levedyktigheit til artar og populasjonar som har tilhald her.   

Med bakgrunn i at vernet berre vil gje positive effektar på naturmangfaldet, vel vi å ikkje vurdere §§ 8-12 nærare (jf. rettleiar om naturmangfaldlova kap. II 2016).  

Statsforvaltaren si tilråding  

Statsforvaltaren i Vestland anbefaler med dette oppretting av naturreservatet Buggastrondi i Luster kommune. Vernekart og verneforskrifter ligg til høgre.

Langs Buggastrondi er det registrert ein naturtype som peiker mot tørr kalkfuruskog. Det er ofte eit stort artsmangfald som trivst i denne typen skog, som er avhengig av grunnlendt og tørr mark.
Langs Buggastrondi er det registrert ein naturtype som peiker mot tørr kalkfuruskog. Det er ofte eit stort artsmangfald som trivst i denne typen skog, som er avhengig av grunnlendt og tørr mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.