Vi startar verneprosess for Buggestrondi naturreservat i Luster

Buggestrondi i Luster er eit område frå fjord til fjell langs Lustrafjorden, sør for Kinsedalen. Rogna trivst langs fjorden. Namnet kjem frå det norrøne "reynir" og betyr raud.
Buggestrondi i Luster er eit område frå fjord til fjell langs Lustrafjorden, sør for Kinsedalen. Rogna trivst langs fjorden. Namnet kjem frå det norrøne "reynir" og betyr raud. Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Buggestrondi i Luster kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 7. februar 2021. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2020

Buggestrondi ligg mellom fjord og fjell sør for Kinsedalen på austsida (omtalt på folkemunne som sørsida) av Lustrafjorden. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 183/20, 183/39, 183/37 og 182/2 i Luster kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Buggestrondi som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 4054,5 dekar. 

Kartlegging 

Området frå Lindegjelet og til Kvalen har vore kartlagt for biologiske verdiar fleire gonger, noko som gjev eit godt kunnskapsgrunnlag. B. Moe undersøkte området første gang i samband med barskogkartlegginga i 1994, seinare supplert av to undersøkingar i 2002 (Bjørn Harald Larsen og Hans Blom) og 2009 (Geir Gaarder). I kartleggingane har namnet Kinsedal S vore nytta. Dei mest rasutsette partia har ikkje vore kartlagt, heller ikkje sør for Kvalen.  

Verneverdiar 

Buggestrondi har svært viktige verneverdiar (A-område) av nasjonal kvalitet, og har ei utforming som peiker mot tørr kalkfuruskog. Det er òg innslag av store, gamle bjørketre og stadvise flekkar av hasselkratt og alm. Buggestrondi har høge kvalitetar i både storleik og arrondering. Det tilbydde området dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell langs Lustrafjorden og ligg i nærleiken av andre verneområde. Floraen er artsrik, og det er registrert kravfulle marklevande sopp. Raudlista og truga artar er registrert, og det er potensial for å finne fleire. Den nordlege delen av området har mange kulturminne frå andre verdskrig.  

Lind er eit edellauvtre, og trivst i varme lommer langs fjorden. Edellauvskog er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Buggestrondi vil gje eit verdifullt bidrag til å ta vare på naturmangfaldet i fylket. Lind kan ha betyding "skjold" skildra i Snorre-Edda.
Lind er eit edellauvtre, og trivst i varme lommer langs fjorden. Edellauvskog er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Buggestrondi vil gje eit verdifullt bidrag til å ta vare på naturmangfaldet i fylket. Lind kan ha betyding "skjold" skildra i Snorre-Edda. Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Mål om 10 prosent verna skog i Vestland 

Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Om lag 3 prosent av skogen i fylket verna, og med det er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av Buggestrondi vil vi komme litt nærmare målet om å ta vare på større, samanhengande område med sjeldne og trua artar og naturtypar i fylket. 

Kva betyr det at eit område vert verna?  

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Buggestrondi som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunne nytte området til enkelt friluftsliv, plukke matsopp og bær. Turstien langs fjorden, samt eksisterande anlegg i området skal òg kunne haldast ved like. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er ikkje i bruk av husdyr i dag, men det er ein solid hjortebestand i området. 

Det kan være meir liv i ein død stokk enn i ein levande. Død ved er avgjerande for overlevinga av mange artar. Kanskje er det ein hakkespett som har vore på jakt etter billelarver her?
Det kan være meir liv i ein død stokk enn i ein levande. Død ved er avgjerande for overlevinga av mange artar. Kanskje er det ein hakkespett som har vore på jakt etter billelarver her? Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Innspel og vidare framdrift  

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. Vi håpar på vernevedtak innan utgangen av neste år.  

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@fylkesmannen.no før 7. februar 2021 

Meir informasjon om naturkvalitetane, kartavgrensing og verneforskrift finn du til høgre. Vi har òg ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.