Høyring av frivillig skogvern for Buggastrondi i Luster

Langs Buggastrondi er det registrert ein naturtype som peiker mot tørr kalkfuruskog. Det er ofte eit stort artsmangfald som trivst i denne typen skog, som er avhengig av grunnlendt og tørr mark.
Langs Buggastrondi er det registrert ein naturtype som peiker mot tørr kalkfuruskog. Det er ofte eit stort artsmangfald som trivst i denne typen skog, som er avhengig av grunnlendt og tørr mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Buggastrondi naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 18. april 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2021

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 % av skogarealet. I 2020 var omlag 5,0 % av skogarealet og omlag 3,8 % av den produktive skogen verna i Noreg. Til årsskiftet 2021 runda vi 3 % skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange av miljømåla vedtekne av Stortinget.  

I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog, og Regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det har vore satt av nær ein halv milliard pr år dei to siste åra til skogvern over statsbudsjettet, noko som syner at dette blir høgt prioritert av Stortinget.

Ståande og liggjande daude tre er "burettslaga" til mange trua, sjeldne og sårbare artar. Når Statsforvaltaren skal vurdere kva område som kan eigne seg til vern, er mellom anna førekomsten av daud ved eit viktig kriterium.
Ståande og liggjande daude tre er "burettslaga" til mange trua, sjeldne og sårbare artar. Når Statsforvaltaren skal vurdere kva område som kan eigne seg til vern, er mellom anna førekomsten av daud ved eit viktig kriterium. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern  

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern kor staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivareteke.

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida. 

Verneverdiar i Buggastrondi

Buggastrondi har svært viktige verneverdiar (A-område) av nasjonal kvalitet, og har ei utforming som peiker mot tørr kalkfuruskog. Det er også innslag av store, gamle bjørketre og stadvise flekkar av hasselkratt og alm. Buggastrondi har høge kvalitetar i både storleik og arrondering. Det tilbydde området dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell langs Lustrafjorden og ligg i nærleiken av andre verneområde. Floraen er artsrik, og det er registrert kravfulle marklevande sopp. Raudlista og truga artar er registrert, og det er potensial for å finne fleire. Den nordlege delen av området har mange kulturminne frå andre verdskrig. Området har vore kartlagt av erfarne biologar fleire gonger, og Statsforvaltaren har vore på synfaring i felt med grunneigar.

Det er viktig for kunnskapsgrunnlaget i saka å dra på synfaring i det planlagde verneområdet. Her er grunneigar Randi Bugge på tur med forvaltninga for å fortelje om historia og bruken av Buggastrondi.
Det er viktig for kunnskapsgrunnlaget i saka å dra på synfaring i det planlagde verneområdet. Her er grunneigar Randi Bugge på tur med forvaltninga for å fortelje om historia og bruken av Buggastrondi. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Heimelsgrunnlag

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av lov av 16. juni 2009 om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, blir foreslått brukt for Buggastrondi.

Konsekvensar av vernet 

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like.  

Brukarinteresser 

Det er ikkje beite frå husdyr i det foreslegne naturreservatet i dag, heller ikkje eksisterande nettinggjerde. Forskrifta opnar for beiting med beitedyr dersom grunneigarane ønskjer det i framtida, samt utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har også ei opning for å kunne søkje om oppsetting av gjerde dersom det er aktuelt i samband med husdyrhald. Det er enkelte steingardar langs stien som spor etter tidlegare tiders utmarksslått. Disse vil kunne bli sett i stand som kulturminne. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Langs fjorden går det ein enkel sti sørover til Kvalen. Kvalen er ein stad som ser ut til å bli brukt i samband med jakt, og det meste av transporten dit verkar til å gå med båt langs fjorden. Stien langs fjorden er i lite bruk, og fleire stader er stitraséen litt uklår i terrenget. På enkelte punkt har det gått ras og steinsprang over stien. Over elva i Vetlemannsgjeli er det sett opp ei bru. Grunneigarane ønskjer mogelegheit for oppsetting av bru over Jensagjelet og, noko vi har teke høgde for i verneforskrifta.

Å ta lauv frå tre i utmarka  som fôr til husdyr har lange tradisjonar i Noreg. Det er mange artar som likar seg på gamle lauvingstre. Her er gamle bjørketre med spor av tidlegare tiders handverk og bruk.
Å ta lauv frå tre i utmarka som fôr til husdyr har lange tradisjonar i Noreg. Det er mange artar som likar seg på gamle lauvingstre. Her er gamle bjørketre med spor av tidlegare tiders handverk og bruk. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

I den nordlege delen av det føreslegne naturreservatet ligg det spor att frå andre verdskrig. Det var gruvedrift i området, og gruveinngangen er i dag sperra av netting. Det ligg ein steintipp framfor dei to gruveopningane, og det er spor frå brakkerigg og anleggsarbeid. Trær og anna vegetasjon har teke over, og lite er synleg på flyfoto. Vi er ikkje kjend med at det er ytterlegare brukarinteresser innanfor området.

På Ornes, i nærområdet til Buggastrondi ligg verdsarven Urnes stavkyrkje. Det kjem mange besøkande til Ornes kvart år, og det er planar om eit verdsarvsenter nær ferjekaia. Reiselivet vil såleis vere i vekst. Ei større buffersone rundt stavkyrkja er no ute til offentleg ettersyn frå Luster kommune. Buggastrondi vil bli omfatta av buffersona.

Urnes stavkyrkje vart, saman med Bryggen i Bergen, landets første oppføringar på verdsarvlista til UNESCO i 1979. Luster kommune jobbar med ein buffersoneplan, der Buggestrondi ligg inne i denne buffersona. Føremålet er m.a.  å ta vare på landskapet rundt det som truleg er verdas eldste stavkyrkje.
Urnes stavkyrkje vart, saman med Bryggen i Bergen, landets første oppføringar på verdsarvlista til UNESCO i 1979. Luster kommune jobbar med ein buffersoneplan, der Buggestrondi ligg inne i denne buffersona. Føremålet er m.a. å ta vare på landskapet rundt det som truleg er verdas eldste stavkyrkje. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Innspel til oppstartsmeldinga 

Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 17. desember 2020. Innan fristen den 7. februar 2021 (opphavleg frist 25. januar, men vart utvida) fekk Statsforvaltaren 9 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Buggastrondi som naturreservat. I høyringsbrevet til høgre ligg eit samandrag av alle innspela i oppstartsrunden. 

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi håpar på vernevedtak før jul 2021. 
 
Det er også mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Frist for å kome med innspel er 18. april 2021.  

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.