Oppdrag supplerande vern

Havet som slår inn mot ei strand og grøn vegetasjon med gule blomstrar i bakken
Hoddeviksanden er det største og minst påverka sanddyneområdet i Vestland og er eit av kandidatområda vi no skal jobbe vidare med. Om våren kan ein oppleva store mengde blomstrande marianøkleblom, som for øvrig er ein trua art og sårbar for slitasje. Foto: Tore Larsen.

Å ta vare på eit representativt utval norsk natur er eit overordna nasjonalt mål, og vi har difor fått i oppdrag å verne nye, viktige naturområde for å sikre artar og naturtypar for framtida. Vi vil ha tett, lokal dialog om verneoppdraget undervegs. 

Statsforvaltaren har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet om å gå i dialog med kommunane om kandidatområde for bevaring av verdifull natur.

Oppdraget er forankra i Stortingsmelding 14 (2015-16) Natur for livet. Målet er å supplere det eksisterande vernet i Noreg med verdifull natur som er dårleg representert frå før. Dette er til dømes deltaområde, myr, kystlynghei, strandområde og mange fleire naturtypar som er dårleg representert på vernekartet i fylket. 

I Vestland omfattar oppdraget mogleg oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område, i tillegg til utviding av åtte eksisterande verneområde. Det samla arealet av desse områda utgjer 8,4 prosent av det verna arealet vi har i Vestland i dag.

Forslag til kartavgrensing, bilete og omtale av kandidatområda

Naturkrise også i Vestland

Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy i møte med naturkrisa.

Områda som no skal vurderast og utgreiast for vern i Vestland, skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å bevare desse områda som dei er, kan dei bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Områda som vert føreslått verna skal også bidra til å danne økologiske nettverk og gjere norsk natur meir motstandsdyktig mot dei negative effektane frå klimaendringane.

Dialog om kandidatområda

Kommunane skal involverast i endeleg utveljing av kandidatområde for vern før det vert starta formelle verneprosessar. Det vil vere høve å føreslå alternative område til dei som er kome fram i prosessen til no. Føresetnaden er at slike alternative kandidatområde har omtrent same naturfaglege kvalitetar som områda Miljødirektoratet har anbefalt.

Målet med dette er å finne fram til kandidatområde for vern av verdifull natur som det kan vere lokal oppslutning om. Då er også naturlegvis god dialog med grunneigarane og andre lokale interesser viktig. Gjennom denne dialogen med kommunane kan også Statsforvaltaren føreslå alternative område for å redusere eventuelle lokale konfliktar. I vidare prosess skal formell oppstart av verneplanprosessar prioriterast i område der det er lokal aksept om dette.

Svart vær med horn ligg i røsslynghei.
Eventuelt vern av område sikrar det mot nye utbyggingar og inngrep, og opnar opp for nye moglegheiter og forpliktelsar for forvaltinga til å støtte opp om vidare drift av desse områda. Eit eventuelt vern vil også gjere det lettare å kanalisere og styre ferdsla gjennom tilrettelegging i friluftslivsamanheng der det er trong for det. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.