Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


25.11.2020

Tysdag 1. desember startar lisensjakta på to ulvar

Lisensjakta varer frå 1. desember 2020 til og med 31. mai 2021. 


23.10.2020

Søknad om erstatning for rovviltskade

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2020. Frist for søknad er 1. november. 


08.09.2020

Lisensjakt på jerv

Rovviltnemda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.


01.09.2020

Løyve til skadefelling av ein jerv forlenga

Skadefellingsløyvet tildelt 22. august i fjellområdet mellom Årdal og Lærdal er etter søknad forlenga til og med 9. september.


24.08.2020

Løyve til skadefelling av jerv

Naddvik sankelag har etter søknad fått løyve til skadefelling av ein jerv i beiteområdet i fjellet mellom Årdal og Lærdal. 


17.06.2020

Meld ifrå om du finn kadaver eller spor etter freda rovdyr

Dersom du finn kadaver som du trur kan vere drepe av freda rovdyr, må du melde frå til Statens naturoppsyn (SNO) så raskt som mogleg. Det same gjeld om du finn spor etter eller ser freda rovdyr i beiteområdet.


25.03.2020

Rovviltnemnda i region 1 har konstituert seg

Rovviltnemnda har i møte 24.03.2020 valt Aleksander Øren Heen frå Årdal i Vestland fylke til leiar for dei neste fire åra. Nestleiar er Beate M. Johnsen frå Agder fylke.


30.01.2020

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2020. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Vestland i denne perioden. 


27.11.2019

Søndag startar lisensjakta på ulv

Perioden for lisensjakt på ulv er endra og startar i år 1. desember, og varer fram til og med 31. mai 2020.


23.10.2019

Søknad om erstatning for rovviltskade i 2019

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2019. Frist for søknad er 1. november.