Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.03.2019

Regjeringa har endra på lisensperioden for ulv utanfor ulvesona

Lisensperioden er opphavleg ut mars månad, men er no endra til ut mai månad. 


Publisert 31.01.2019

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2019. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane og Hordaland i denne perioden. Nemnda sitt vedtak om kvotefri gaupejakt er påklaga og kan difor bli endra. Dette vil i så fall bli annonsert.


Publisert 29.01.2019

Ulv i Fjaler

Det er no stadfesta at ei innsendt prøve med snø og blod, i eit mogleg ulvespor frå Fjaler, inneheldt DNA frå ulv. Prøven var frå 9. desember i Rotebotn i Fjaler kommune.