Rådhuset i Bjerkreim under vatn

Søndag føremiddag er situasjonen i samband med ekstremværet "Synne" mest alvorleg i Bjerkreim kommune. Store vassmengder i Bjerkreimsvassdraget har ført til at Vikeså står under vatn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2015

Kommunen har sett krisestab, men arbeidsforholda er vanskelege ettersom rådhuset i kommunen står under vatn, fortel fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen hos Fylkesmannen i Rogaland.

Situasjonen har vore alvorleg fleire stader i Rogaland, men særleg i Dalane-regionen i helga. Dei store vassmengdene har ført til utfall av straum og redusert mobildekning. Og når vegane i tillegg må stengjast, blir det vanskeleg å nå fram med mobile straumaggregat. Men akkurat nå er det i Bjerkreim det er mest kritisk. Vassmengdene i Bjerkreimsvassdraget har sett store delar av kommunesenteret Vikeså under vatn, rådhuset inkludert. Internett-sambandet til kommunen er nede på grunn av vatn i rådhuset. Men det er straum, tele og internett generelt i området, seier Johnsen.

Flaumvarsel på raudt nivå framleis

Vassføringa er framleis aukande i dei store vassdraga, mens ho er synkande i mindre vassdrag. Det er venta nedbør i form av byger i løpet av søndagen som kan føra til vassføringsauke der nedbøren treffer. Det er framleis varsla flaum på raudt nivå i Bjerkreim, Eigersund, Forsand, Gjesdal, Hjelmeland, Lund, Sokndal og Strand. I dei andre rogalandskommunane er varsemdsnivået noko lågare. Sjekk varsom.no for meir informasjon.

Reguleringa vil i nokre tilfelle virka flaumdempande, og varselet vil derfor ikkje nødvendigvis gjelda i regulerte vassdrag.

Klokka 06.00 i dag tidleg sendte Meteorologisk institutt ut eit avsluttande varsel for ekstremnedbøren "Synne". Dei store nedbørmengdene i indre område i Rogaland reknar ein med er over, men det det blir framleis kraftige byger i området.

Stengte vegar og jernbane

I Eigersund hjelper nå Sivilforsvaret til med å skaffa pumpeutstyr til både privatpersonar og bedrifter som må ha assistanse til å tømma kjellarane for vatn. Kontaktpersonar og rutinar for dette blir publisert på heimesida til Eigersund kommune når dette er klart.

Søndag føremiddag er det framleis mange vegar som er stengde på grunn av vassmengdene, melder Statens vegvesen.

  • E-39 er stengt.
  • Fylkesveg 42: Helleland - Mydland (Vest-Agder grense), på strekninga Egersund - Mydland (Vest-Agder grense)
  • Fylkesveg 51 Tengs - Fjermedal (Bjerkreimsveien) er stengt.
  • Fylkesveg44 - Tengs bru er stengt.
  • Fylkesveg 44 Jærveien mellom Launesveien og Tengsastrandveien er stengt.
  • Jernbanebrua på Launes er stengt av Jernbaneverket.

For oppdaterte trafikkmeldingar, sjå nettsida til Statens vegvesen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.