Uttale til Sandnes kommuneplan 2023-2038

Utsikt over Sandnes, frå Hana-trappene

Sandnes kommune har revidert heile kommuneplanen sin. Statsforvaltaren i Rogaland meiner kommunen har gjort eit solid arbeid, og har uttalt seg til planen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2022

Sandnes kommune har revidert heile kommuneplanen sin, med samfunnsdel, inkludert arealstrategi, og arealdel med tilhøyrande føresegner. Det er gjort eit solid arbeid, og det er utarbeidd mange og grundige fagrapportar.

Planforslaget syner koplingar frå viktige nasjonale føringar og FN sine berekraftmål, via regionale føringar til lokale prioriteringar. Kartløysinga som er brukt i høyringa er god, og gjer at «folk flest» kan å gå inn via nettet og sjå kva arealendringar som ligg inne på ein enkel og oversiktleg måte.

Statsforvaltaren har motsegn til fleire arealendringar der forslaga er i strid med viktige nasjonale og regionale føringar, medan nokre forslag får innspel i form av faglege råd eller meir teknisk/juridisk rettleiing for å styrke kommuneplanen som eit styringsverktøy.

Heile uttalen kan du lese her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.