Kommunal- og moderniseringsdepartementet opphevar Fylkesmannen sitt vedtak

Fylkesmannen si stadfesting av Finnøy kommune sitt avslag på ferdigattest for fritidsbustad er oppheva av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2018

Kommunen hadde først avslått søknad om løyve til fritidsbustad, mellom anna på grunn av at det var søkt om terrasse som kommunen fann var i strid med reguleringsføresegna. Det blei seinare gitt løyve til fritidsbustaden utan terrassen og med nokre andre endringar på bygningen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome til at terrassen/plattinga ikkje er ein del av det tiltaket som løyvet tek stilling til. Departementet syner til at det ikkje er sett vilkår i løyvet om at platting ikkje skal førast opp, og at den heller ikkje er ei søknadspliktig endring av tiltaket. På denne bakgrunn finn departementet at ferdigattest for fritidsbustaden ikkje kan nektast.

Sjå lenkje til KMD sitt vedtak på høgre side.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.