Lisensjakt på jerv og ulv 2016-2017

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2016

Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Jakttida er frå 10. september 2016 til 15. februar 2017. Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre.

Nemnda vedtok også lisensjakt på tre ulvar i region 1 for perioden 01.10.2016 – 31.03.2017.

Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar): 51 56 89 00. Den som feller eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 51 56 89 15/986 76 987 og til kommunen. Felte dyr skal synast fram for Statens naturoppsyn for kontroll.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.