Etterhandskunngjering av løyve til Ineo Eiendom AS

Fylkesmannen har gitt løyve til utslepp av lensevatn frå byggegrop med forureina grunn på eigedom 111/253 felt A6/A7 ved Havneparken, Indre Vågen i Sandnes kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.02.2018

I samband med opprydding og opparbeiding av sjønær tomt på Havneområde 1, forventar tiltakshavar inntrenging av sjøvatn under spunt. Vatnet som samlar seg i byggegropa må lensast til sjø, fordi det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet på offentleg nett. Fordi utsleppet vil skje i perioden med frittlevande egg og larver av kysttorsk i Gandsfjorden, er det sett krav til felling av partiklar og bruk av oljeutskillar før utslepp til sjø. Vasskvaliteten i lensevatnet skal målast før og etter reinsing. Grenseverdiar for olje, miljøgifter og partiklar er sett i vilkår til løyvet, tabell 1.

Løyvet gjeld frå februar og ut desember 2018.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad med vedlegg i lenkene til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.