Ny melding om kystskogbruket er vedtatt

Seks millionar kroner er sett av til kystskogbruket i 2023.

Melding om Kystskogbruket 2022 er no vedtatt i alle 7 kystfylka frå Agder til Finnmark. Visjonen er at kystskogbruket skal vere ein viktig bidragsytar for å oppnå berekraftsmåla og det grøne skiftet. For 2023 har kystfylka 6 millionar kroner til tiltak for å utvikle skognæringa langs kysten.

Publisert 08.03.2023

Den globale klimakrisa rykkar stadig nærmare, og fleire av fylkeskommunane har erklært klimakrise. Fokus i arbeidet med ny melding har vore på å levere på FNs berekraftsmål. Den poliske valde styringsgruppa for kystskogbruket peikte på at skog- og trenæringa er sentral i alle samanhengar der tiltak for eit betre klima og berekraftig verdiskaping diskuterast. Dette var litt av bakteppe for at ein gjekk i gong med å utarbeide ny kystskogmelding i 2020, men ikkje minst for å bli enda tydlegare på potensialet skog- og trenæringa har på grøn verdiskaping, økt berekraft og klimabidrag i kystfylka.

Fylkeskommunane, Skognæringa Kyst SA og Statsforvalterne har alle bidratt inn i arbeidet. I fellesskap er mål og strategiar meisla ut for å utvikle potensialet i skog- og trenæringa. Utfordringane i våre kystskogfylke er klart annleis enn i dei tradisjonelle skogstroka.  

Søk om kystskogmidlar

Kystskogbruket ved fylkeskommunane mottek årleg kystskogmidlar over Statsbudsjettet, framforhandla over Jordbruksavtalen. Midlane til kystskogbruket er gjennom ein tiårsperiode gitt for å vidareutvikle skognæringa langs kysten.

Det er sett av 6 mill. kroner over LUF, kap. 1150 post 50, til kystskogbruket for 2023. Prosjektmidlane til kystskogbruket blir tildelt fylkeskommunane i Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. For 2023 overfører kystfylka midlane til Trøndelag fylkeskommune, som skriv tilsegnsbrev og handterer utbetalingane til søkjar.

Formålet med tilskotsordninga er å bidra til å løyse kystskogbrukets utfordringar, og vidareutvikle eit næringsretta skogbruk langs kysten, blant annet gjennom infrastruktur- og kompetansetiltak. Søknadene skal bidra til å realisere måla i Melding om Kystskogbruket 2022.

I forvaltninga av ordninga legg fylkeskommunen vekt på å bygge vidare på arbeidet som er gjort i kystskogbruket. Fylkeskommunane skal samordne seg slik at midlane i all hovudsak blir brukt til næringsretta fellestiltak og fylkesoverbyggjande prosjekt.

Søknad sendast inn gjennom støtteordninga Kystskogmidlar 2023 i regionalforvaltning.no, og søknadsfristen er 20. april 2023. Sjå Startside (regionalforvaltning.no)

Spørsmål?

Ved spørsmål om søknadar kontakt Trøndelag, eller Rogaland fylkeskommune:

Odd Arne Bratland, tlf. 90 77 43 24, e-post oddbra@trondelagfylke.no.

eller lokalt, Sissel Bakke tlf. 46 41 54 13, e-post sissel.bakke@rogfk.no

Vedlagt finn du Melding om Kystskogbruket 2022, og rapport om bruken av kystskogmidlane i 2022.

Kystskogmelding 2022
Kystskogmelding 2022

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.