Bangstart for andelslandbruk i Rogaland

Det som begynte med eit møte med uviss utgang slutta med at rundt halvparten av dei rundt 70 deltakarane fann den framtidige andelsgarden sin før dei skilde lag i går kveld.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.11.2014

Etter forklarande innlegg om kva andelslandbruk er, og kven det kan passe for, gjekk vi over til open dialog om vegen vidare. Utgangen av møtet var uviss. Resultatet blei at to produsentar frå Jæren skal med hjelp av engasjerte forbrukarar sette i gang med andelslandbruk. I tillegg er ei forbrukargruppe på Sør-Jæren interessert i å kome i kontakt med ein produsent som kan tenkje seg å opne opp garden for andelshavarar.

Er du forbrukar eller produsent og ønskjer meir informasjon?
Ta kontakt med fmroapf@fylkesmannen.no eller følg med på Oikos Rogaland sin facebookside Økologisk Rogaland.

Arrangørane er veldig glade for at det opne informasjonsmøtet slutta med konkrete planar.
Initiativet til møtet kom frå produsentar og forbrukarar i Rogaland. Møtet vart rigga i samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Oikos Rogaland og Oikos – Økologisk Norge.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.