Studie innan grønt mangesysleri og entreprenørskap

Fagskolen i Rogaland tilbyr nye fag og modular frå hausten av og dei passar for deg som er bonde, arbeider innan reiselivsbransjen eller har erfaring som rådgivar i desse sektorane. Er du interessert i å utforske korleis gardsressursar kan utviklast på ein meir berekraftig måte?
Fagskolen i Rogaland starta opp fagskuleutdanninga, Entreprenørskap og grønt mangesysleri, i 2024/25, og no tilbyr dei utdanninga på ny.
Søknadsfrist og innhald
Søknadsfristen er løpande og du kan velgje å ta heile studiet eller enkeltemne. Emne 1 og 3 startar opp hausten 2025.
Det er fire emne á 15 studiepoeng. Samlingar hausten 2025 er lista opp under emnet hausten 2025:
- Bedriftsøkonomi og leiing 03.10.2025
o 03.10. – 05.10.
o 23.10. – 25.10.
o 27.11. - 29.11.
- Marknadsføring og kommunikasjon - vår 2026
- Lokal foredling – 28.09.2025
o 28.09. – 02.10.
o 16.10. – 19.10.
o 06.11. - 09.11.
- Bedriftsutvikling og entreprenørskap – vår 2026
Datoane kan bli justert i samarbeid med studentane etter studiestart. Eksamen kjem i tillegg.