Stor investeringslyst i landbruket

Det er stor investeringslyst i Rogalandslandbruket også i 2017. Trass i strenge kriterium for tilskot gjennom Innovasjon Norge (IN), har det i første søknadsomgang kome søknader for ei investeringsramme på over ein halv milliard kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.04.2017

Rogaland blir omtalt som eit 10 prosent-fylke når det gjeld landbruksareal, eit 20 prosent-fylke når det gjeld grovfôretande dyr og eit 30 prosent-fylke når det gjeld kraftfôrkrevjande produksjonar. Samstundes blir vi tildelt berre om lag 8 % av Investeringsmidlane (IBU-midlane). Det er slik sett i stor grad bankane som må bidra til kapitaltilgangen til investeringar.

Mange vil bygge til ammeku

Lysten til å investere i landbruket er stor. Innovasjon Norge (IN) har i første søknadsomgang fått søknader for ei investeringsramme på over ein halv milliard kroner. Av dette er det heile 46 søknader om nye ammekufjøs. Og vi må legge til grunn at det blir investert endå meir utanfor IN si målgruppe. Satsinga kan delvis forklarast med at Rogaland er det fylke som har hatt størst auke i talet på arbeidsledige, og at landbruket er ei stabil næring også i slike krisetider. Låg rente kan også vere ein viktig faktor. Vi vil samstundes framheve at vi opplever ein optimisme i landbruksnæringa.

Nær 32 av 41 millionar kroner av IBU-midlane i 2016 gjekk til byggeprosjekt for storfe og mjølkekyr. Dette er ein auke på om lag 22 prosent frå året før. For 2017 ser vi same tendensen, med ein ennå klarare auke i satsinga på nye fjøs for ammekyr, som eit resultat av aktiv mobilisering i heile næringa. Dette er ønska politikk og i tråd med prioriteringane som den regionale partnarskapen har blitt einige om, med meir midlar til grovfòrbaserte produksjonar og til distrikta. Det er elles gledeleg å registrere stor nyinvestering innan fruktproduksjon. Hovudsatsingane for bruk av IBU-midlane i 2017 er innan:

  • Grovfòrbaserte produksjonar som storfe og mjølk
  • Gjødsellager
  • Fruktproduksjon

Rogaland er i ei omstilling til auka verdiskaping innan bioøkonomien. Det gjer at vi har gode føresetnader for å bli eit endå sterkare landbruksfylke. Nedgangen i oljeøkonomien og overgangen til det grøne skiftet gjer at landbruket får ei endå viktigare rolle i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar