Kva er Reko-ringar?

Ein ny salskanal har dukka opp i Noreg i år: Reko-ringar. Produsentar møter kundar til avtalt tid for å selja gardsprodukt utan mellomledd. Dette kan bidra til betre lønsemd for produsentane, auke lokalmatproduksjonen og synleggjere småskala matproduksjon for forbrukarane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.08.2018

Korleis fungerer Reko-ringar?

Ein gruppe produsentar avtalar ein felles møtestad, dag og klokkeslett. Oftast er det ein strategisk plassering, som er lett tilgjengeleg for fleire. Møtet blir kommunisert gjennom sosiale medier, hovudsakleg gjennom ein oppretta facebook-gruppe. Produsenane legg ut informasjon om produkt og prisar, og kundane forhandsbestillar varane dei ønsker å kjøpe. På den måte veit produsenten kva og kor mykje man kjem til å omsette.

Dei tre viktigaste prinsippa er: 

  • Det er ikkje tillèt med mellomledd: Produsenten må stå for sal av sine varer sjølv.
  • Det skal ikkje være noko form for medlemsavgift for korkje produsentar eller forbrukar.
  • Produsentane er ansvarleg for å følgje regler for matsikkerheit, rekneskap og skatt.

Første Reko-ring i Noreg starta opp november 2017. I juni 2018 var det 20 aktive ringer for direktesalg. Til samen er nå om lag 300 produsentar og 60 000 kundar knyta til ulike Reko-ringer i Noreg, ifølge Småbrukarlaget. Norsk Bonde- og Småbrukarlag bidreg til oppstart av Reko-ringer gjennom prosjektet Matnyttig, du kan lesa meir om Reko-ringer i Noreg på Småbrukarlaget sine nettsider. 

Er du produsent og interessert i å starte ein Reko-ring i Rogaland?

Da tar du kontakt med Annabell Pfluger på 5156 8971 eller epost; fmroapf@fylkesmannen.no. Du kan og sjå på facebook-sida «REKO-RINGEN NORGE», kva som skjer i regionen. 

Den svenske youtube-videoen foklarar og godt kva Reko-ring er, sjå link.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kva er Reko?

REKO står for ”rejäl konsumtion”, som kan oversettast til rettferdig handel. Omgrepet Reko-ringar bygger på ein andelsmodell basert på direkte kontakt mellom forbrukar og matprodusent, utan mellomledd.