Frå svin til vin

Toyni Tobekk og Arild Hebnes i Midtsommar vingard. Foto: Lise Bjelland.

Toyni Tobekk og Arild Hebnes har på garden Bakkjen gått frå smågrisproduksjon til vinproduksjon, og har planta over 6000 drueplantar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2022

Toyni Tobekk og Arild Hebnes dreiv med smågrisproduksjon på garden Bakkjen på Hebnes i Suldal kommune i 26 år, før utviklartrongen meldte seg for fullt. I 2020 satsa dei på drueplanter, og i 2021 kom vinproduksjon kom i gang. Nyvinninga Midtsommar vingard har produsert 800 liter vin, og ein god slump er servert til dei 750 gjestane som hittil i år har funne vegen til garden. Målet er 7000 – 8000 liter smakfull vin.

Ein gard i omstilling

Arild Hebnes tok over garden i 1988, og det har vore allsidig produksjon med mjølkekyr, sau, høns, gris og potet. I 1996 bygde dei nytt grisefjøs til 42 purker. Produksjonen blei i 2000 utvida til 110 årspurker i puljedrift. Dei hadde meir energi å bruke på garden, og ville utvikle den enda meir. I 2006 starta arbeidet med etablering av 26 kolonihytter på 35 m2 kvar seg. Ryfylke fjordhage blei etablert i 2011.   

Ideen til vinproduksjon i Ryfylke blei til født i ei ferjekø på Ropeid for tjue år sidan. Bygdeutviklar Astrid Brommeland hadde med seg ekteparet Inger og Hans Joachim Rosenfeldt, kjend frå Den Blinde Ku, på tur for å diskutere osteproduksjon. Hans Joachim Rosenfeldt var forskar ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås og reiste verda rundt for å studere druer.

Astrid Brommeland minnest: – Hans Joachim Rosenfeldt fortalde meg om vindruer som tolte ned til 40 minusgradar på vinteren, og at han dreiv med utvikling av vindruer på Solheim på Ås. Som bygdeutviklar så var dette ei spennande opplysing. Eg viste jo at Ryfylke har eit mildare klima enn vintrane på Ås. Eg ville vita meir og tenkte på klimaet i vår region, og fortalde om Jelsa og Foreneset, om tidlege vårar og milde vintrar.  Eg kom inn på Hebnes og at kristtorn vaks vilt i liene der. Då sperra Hans Joachim auga opp og var krystallklar på at det var interessant. Det handla om jordsmonn og godt klima for å få druene modne.

Det viser seg at klimaet på Hebnes kan samanliknast med Normandie i Frankrike. I ti – tjue år selde Astrid inn ideen om vinproduksjon i Ryfylke.

Ein dag tok Arild Hebnes kontakt. Grisefjøset var nær 20 år gamalt og hadde behov for renovering, og ungane var ikkje gira på å drive med gris. Det driftige ekteparet hadde interesse for å skape noko nytt. Dei var òg interessert i epledyrking, og lurte på om det kunne erstatte griseproduksjon. Men garden fekk ikkje leveringskontrakt med grossistleddet. Kva nu?

Nokon hadde snakka om at indre Ryfylke kunne eigne seg til vinproduksjon. Sidan har bøndene på Hebnes tatt steg for steg.

Svoltne på kunnskap

Ekteparet har vore svoltne på kunnskap, og har aktivt søkt opp fagpersonar og fagmiljø. Innovasjon Norge har bidratt med midlar til bruk av mentor Bjørn Bergum, og til investeringar. Kompetansenettverket for lokalmat sør har hjelpa til med å henta inn vineksperten Albert Schaumaun frå Tyskland, som har hjelpt dei med val av druesortar, blending og mykje meir.

Frå 2020 til no har dei planta 6000 drueplantar. I år kunne dei by gjestane sine på omvising og vinsmaking. Resultatet av omstillinga blei Midtsommar vingard!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.