Prosjektstilling innan landbruk og miljø på Jæren

I samarbeid med dei sju andre Jærkommunane har Hå kommune lyst ut prosjektstilling for å jobba med oppfølging av bønder i Jæren vannområde. Det vil vere spesielt fokus på kartlegging av lagerforhold for surfôr.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stillinga er ein del av prosjektet "Frivillige tiltak i landbruket". Stillingsprosenten kan avtalast nærare, men det er ønskjeleg med ei deltidsstilling på 40-70 prosent, med varigheit inntil eitt år. Kontorplass blir på rådhuset i Time kommune.
Søknadsfristen er 1.7.2024
Arbeidsoppgåvene i prosjektet blir fylgjande:
• Kontakt med gardbrukarar i utvalde område i dei åtte kommunane for besøk og kartlegging av lagringsforhold for surfôr
• Vurdere risikomoment i høve til ureiningssituasjonen i vassdraga
• Informere om lovverk og tilskotssordningar i knytt til lagring
• Motivere til investeringar i tiltak som kan redusere ureining
• Motivere til driftstilpassingar som reduserer faren for ureining
• Informasjonstiltak og fagmøter i knytt til kartlegginga