Biogassproduksjon på Finnøy og Rennesøy – ny rapport

I følgje ein ny rapport frå Carbon Limits er Finnøy og Rennesøy godt eigna for bygging av biogassanlegg frå husdyrgjødsel. Rapporten gir grunnlag for å kome vidare mot realisering av eit anlegg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2020

Rapporten frå Carbon Limits er laga på oppdrag frå Rogaland fylkeskommune, og det kjem fram aktuell informasjon m.a. om ressursgrunnlag, bruk av gassen og klimaeffekt.

Mykje husdyr og veksthus

Finnøy og Rennesøy har eit særpreg med mykje husdyr, og ei omfattande veksthusnæring. At det også kan bli tilgang på fiskeavfall som bidrag inn i biogassanlegget vil auke potensialet for biogassproduksjon, og det er estimert eit potensiale for gassproduksjon på 15-20 GWh. Vidare bruk av bioresten er eit sentralt tema. Det er godt kjend at det er avgrensa med spreieareal for husdyrgjødsel i området, og rapporten peikar på at jordbruket på Finnøy/Rennesøy ikkje kan ta imot all biorest.

Ulike løysningar er omtalt. Eit forslag er å skilje bioresten i ein flytande del og ein tørr fraksjon, der den tørre fraksjonen blir frakta ut av regionen og nytta andre stader. Slik sett kan eit biogassanlegg med god varestraum på biorest vere med på å løyse utfordringane med manglande spreieareal. Finnøy og Rennesøy blir dermed betre rusta til å møte eventuelle innskjerpingar i gjødselvareforskrifta. 

Vidare prosess

Det er lagt opp til at rapporten skal til politisk behandling, sist i Fylkestinget i desember. Så får vi håpe og tru at dette blir eit viktig faktagrunnlag for realisering av eit større biogassanlegg i området, i tillegg til dei andre initiativa som nå er under planlegging i Rogaland.

Klar for realisering i 2021?

Dette arbeidet, og meir målretting av støtteordningar for levering av gjødsel til anlegg, bør føre fram til realisering av biogassanlegg. Vi står ved målsettinga om at det blir eit ferdig planlagt felles biogassanlegg klar for realisering i Rogaland i løpet av 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar