Styrker satsinga på gjødsellager

Auka tilskotssats og heving av øvre grense for tilskot, er to av grepa staten har gjort for å stimulere til bygging av fleire gjødsellager. Det er gode nyhende for husdyrfylket Rogaland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2021

Den vakne lesar av prop. 200 S (2020–2021) har nok allereie fått med seg at staten styrker satsinga på gjødsellager. Det er lagt inn 15 millioner friske kroner til opprioritering av gjødsellager og gjødselseparatorer i IBU-ordninga (investering og bedriftsutvikling i landbruket) som Innovasjon Norge forvaltar. Tilskot til biorestlager blir ein del av ordninga.  

Nasjonale føringar om gjødsellager

Når bonden får støtte til nye produksjonsanlegg/driftsbygningar inngår gjødselhandtering og andre klima- og miljøtiltak inn i kostnadsgrunnlaget Innovasjon Norge bruker for utmåling av tilskot. I tillegg kan Innovasjon Norge gi støtte til bygging av gjødsellager aleine. 

I dei nasjonale føringane for 2022 kjem det fram at Innovasjon Norge kan gi investeringstilskot til bygging av gjødsellager med fast toppdekke eller minimum 10 månadar lagringskapasitet, samt til biorestlager med fast toppdekke og med kapasitet til sesongbehovet for biorest. Det kan også gis tilskot til anlegg med gjødselseparator. Tilskotet er avgrensa til 25 prosent av godkjend kostnadsoverslag for tiltaket med ei øvre grense på 200 000 kroner per prosjekt.

Godt miljønytt

God lagerkapasitet er viktig for å kunne spreie husdyrgjødsla på mest mogleg gunstig tidspunkt. Vi ser alt for mange som må "rydde i lageret" rett før spreiefristen 1. september. I tillegg er nok fleire som i februar-mars ventar veldig på våren. Både fagleg- og miljømessig sett bør hovuddelen av husdyrgjødsla ut tidleg i vekstsesongen, og siste spreiing bør vere unnagjort før 10. august.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.