Færre søker om dreneringstilskot

Du kan søke kommunen om tilskot til drenering av jordbruksjord. God drenering gir auka avling og er også ei viktig tilpassing til eit klima med meir nedbør.
Du kan søke kommunen om tilskot til drenering av jordbruksjord. God drenering gir auka avling og er også ei viktig tilpassing til eit klima med meir nedbør. Foto: Nono Dimby.

Med unytta midlar frå 2019 og ei tildeling på 10 millionar hadde Rogaland 18,4 millionar kroner disponibelt til dreneringstilskot i 2020. Potensialet for mange gode tiltak var dermed stort, men prognosane for løyvingar i år viser at berre ein tredjedel av desse vil bli nytta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2020

Den gode nyheita er at dei resterande midlane blir overført til 2021. Kommande år kan med andre ord bli eit godt år for tilskot til drenering, men det forutsett at bøndene søker midlar frå kommunen.  

Drenering er eit særs viktig indirekte miljøtiltak!

Med utsikter for nedbør med auka intensitet og hyppigheit er dreneringstiltak viktig for å gi nok avling av god kvalitet. Godt drenert jord gir kulturplantene eit betre grunnlag for vekst og næringsopptak, reduserer jordas utslepp av klimagassar og overflateavrenning av næringsstoff, og gir ein fleksibel drift av areala. Dreneringstiltak er difor særs viktig, med eller utan dreneringstilskot.

3000 dekar er søkt drenert i 2020

Kommunane har til og med 10. desember 2020 løyvd 4,3 mill. kroner til drenering, fordelt på 166 søkjarar (tabell 1). Over halvparten av midlane har gått til bønder på Jæren (tabell 2). Dei mest aktive søkarane i Rogaland finst i Klepp kommune som har løyvd 1,9 millionar kroner i tilskot til bøndene. Etter Klepp kjem bønder i Hå kommune med 0,9 mill. kroner i løyvde dreneringstilskot.

Tabell 1: Antall dekar søkt drenert fordelt på type drenering og eigen eller leigejord.
Tabell 1: Antall dekar søkt drenert fordelt på type drenering og eigen eller leigejord.
Tabell 2: Løyvde midlar per 10. desember fordelt på region og eigen eller leigejord.
Tabell 2: Løyvde midlar per 10. desember fordelt på region og eigen eller leigejord.

Ikkje vent til gravemaskinen står på jordet før du søker

Det er ikkje mogleg å søke tilskot til tiltak som allereie er påbegynt, og har du starta eit grøftearbeid før tilskotet er løyvd må kommunen avslå søknaden din. Når tilskotet er løyvd har du tre år på å gjennomføre dreneringstiltaket. Dette gir fleksibilitet til å starte grøftearbeidet når veret er mest eigna.

Dreneringstilskotet utgjer 2000 kr per dekar, og skal du drenere til dømes 20 dekar vil du kunne sitte igjen med 40 000 kr i tilskot. Drenering er eit kostnadskrevjande tiltak men tilskotet er med å bidra til å betre økonomien til tiltaket.

Planlegg grøftetiltak no og søk til din kommune etter 4. januar 2021 via Altinn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.