Positiv inntektsutvikling i jordbruket på Haugalandet i 2024

Ein fersk økonomirapport viser solid vekst i inntekt per bruk frå 2023 til 2024 på 144 000 kroner, og at det blir investert i næringa. Mjølk blir omtalt som vinnaren grunna gode prisar og frislepp av kvotar.
Økonomirapporten er utarbeida av Sparebank 1 Sør-Norge på Haugalandet og tala er henta frå 200 føretak på Sørvestlandet.
Årsrapporten, frå det som tidlegare var Tveit Rekneskap, viser utviklinga for dei ulike dyreslag der mjølk kjem klart best ut. Det kjem også fram at økonomien i svinehald har vore relativt god dei siste åra, samstundes som det er lite rom for nødvendig investering i bygg. For sau er tilskot heilt avgjerande for økonomien.
Investeringar i jordbruket gir stor sysselsetting
Av tal frå rapporten kjem det fram at det i snitt er investert for 236 000 kroner per bruk i bygningar og for 164 000 kroner i maskinar i 2024. Dersom vi seier at det blei investert 400 000 kr per bruk i 2024, blei det i sum investert 1,6 milliardar kroner i bygningar og maskinar i landbruket i Rogaland.
Av verdiskapingsrapporten frå 2024 (s. 22) går det fram at landbruket i fylket har årlege kostnader til varer og tenester på over 5,8 milliardar kroner. Dette er svært viktig for sysselsettinga også utanfor sjølve gardsdrifta, i alle delar av fylket. Over to jordbruksoppgjer blir årleg investert i bygdene.
Store investeringsutfordringar innan gris, sau og ammeku
Sjølv med betre resultat både for svin, sau og ammeku, er det lite rom for heilt nødvendige investeringar mellom anna av omsyn til dyrevelferd. Dette er særleg utfordrande i ein region med avgrensa investeringsmidlar frå Innovasjon Norge i høvet til omfang av dyrehald. Rogaland treng eit krafttak for landbruksinvesteringar uttrykte landbruksdirektør Monica Dahlmo nyleg i eiga nettsak.
Rapporten frå Sparebank 1 Sør-Norge finn du i høgremargen.