Jordbruksoppgjeret 2024 – viktige grep for husdyrfylket Rogaland

Gardsbruk på Åmøy, mai 2024
Gardsbruk på Åmøy, mai 2024 Foto: Anfinn Rosnes.

Det er semje om ny jordbruksavtale, og avtalen skal til behandling i Stortinget i juni. Den økonomiske ramma er 3015 millionar, av dette er 2217 millionar tenkt finansiert gjennom statsbudsjettet.

Publisert 24.05.2024

Det blei som kjend avtale mellom næringsorganisasjonane og staten om oppgjeret. Vi viser til sluttprotokoll for meir informasjon om signert avtale.

Prioritering av mjølk

Mjølkeproduksjon står for om lag 40 prosent av verdiskapinga innan jordbruket i Rogaland, og det er difor viktig å stimulere til vidare drift. Distriktstilskot for mjølk er endra til eit generelt pristilskot med minstesats på 32 øre pr liter. Det blir elles spanande å sjå korleis omlegging av fastsetting av mjølkepris vil slå ut i eit fylke med 20 prosent av mjølkeproduksjonen i landet. Vi håpar og trur at dette oppgjeret medverkar til å halde oppe aktiviteten når det gjeld investering i nye lausdriftsfjøs, at vi får like stor etterspørsel etter investeringsmidlar som i 2024.

Fokus på bruk av beite

Rogaland er eit typisk beitefylke, og ny auke i støtte til beitedyr er viktig. Ikkje minst i ei tid med fokus på auka sjølvforsyning, der mest mogleg av grovfôret bør hentast frå kulturbeite og utmark. I sum er beitetilskot auka med 448 millionar kroner, med mest relativ auke for sau.

Vi håpar dette gir grunnlag for aktivt pleie av våre viktige beiteressursar. Elles er styrking av kornproduksjon viktig også for Rogaland som har ein stor del av dei kraftfôrbaserte dyreslaga.

Klar miljø- og klimaprofil

Oppgjeret har elles ein auke på 238 millionar kroner innan klima og miljø, og vi har særleg merka oss styrkinga av Regionalt miljøprogram (RMP) med 100 millionar kroner for utbetaling i 2025. For Rogaland blir det ein auke frå 79,4 til 83,8 millionar kroner. Det er lagt til grunn at bruk av RMP har klare prioriteringar sett i høve til miljøutfordringane i fylket. For spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er nasjonalt pott auka frå 200 til 220 millionar kroner, og det blir sett av heile 148 millionar kroner til dreneringstilskot – ein auke på 60 millionar kroner.

Litt auke i investeringsmidlar – søk i 2024!

Avtalen inneheld auke på 52 millionar kroner i investeringsmidlar (IBU) for 2025. Det vil også i 2025 vere 100 millionar i ein eigen nasjonal pott målretta lausdriftsfjøs for storfe. Vi satsar på at vi i Rogaland får høve til å ta i bruk det meste av denne potten også i 2025, då regionmidlane ikkje blir tildelt etter faktisk dyretal og behov. Det er viktig at søknader om IBU for 2025 blir send til Innovasjon Norge allereie i 2024, slik at vi kan bruke opp lokal pott tidleg på året. Det er ikkje avtalt endringar i maksimalt tak for tilskot på 3,5 millionar kroner og inntil 40 prosent av kostnadsoverslag.

Vi vil elles minne om at avtalen skal til endeleg behandling i Stortinget, først då får vi det endelege resultatet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.