Heiderspris til bonden Kolbjørn Anda

Kolbjørn Anda driv økologisk mjølkeproduksjon i Randaberg.
Kolbjørn Anda fekk landbruket i Rogaland sin heiderspris. Foto: Liv Kristin Sola / Bondevennen.

Kolbjørn Anda fekk i dag tildelt landbruket i Rogaland sin heiderspris. Han driv Leikvoll gard i Randaberg, og har i mange år vore ein spydspiss for eit økologisk jordbruk i matregionen Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2023

Anda mottok prisen under Landbrukskonferansen 2023.

Han har over mange år vore ei eldsjel for økologisk jordbruk. Som inspirasjonsbonde har han halde foredrag og tatt i mot grupper på garden i Randaberg. Han har vore mentor for fleire som ønskjer å drive økologisk jordbruk. Kolbjørn er oppteken av ei levande matjord og er stadig på søken etter ny kunnskap om korleis bonden kan syta for at også jordhelsa er god. Han er stadig svolten på ny kunnskap om eit berekraftig jordbruk. Kolbjørn er ein respektert kar. Han er ein god lyttar, er interessert i andre sine meiningar og ser godt at det er rom for fleire syn om same sak. Som mange veit er han også føresetnaden for Stavanger Ysteri, ved å jamleg levere fersk økologisk mjølk - klar til å bli dei beste ostane.

Vi gratulerer Kolbjørn Anda!

Heidersprisen for landbruket i Rogaland

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.