Fruktbønder får pengar til fornying

Fruktbøndene har i dei siste to åra blitt prioritet ved tildeling av investeringstilskot frå Innovasjon Norge. Resultata så langt er svært lovande, og marknaden etterspør stadig meir. Derfor vil styresmaktene oppretthalde prioriteringa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2016

Nytt av året er at morellar i veksthus er gitt prioritet. Dette er gjort for å hjelpe veksthusbønder som har mista avtalar med grossistane.

Uti frå ei drifts- og marknadsmessig vurdering i samråd med Rogaland Fruktdyrkarlag, er kriteriedokumentet frå 2014 justert på nokre punkt.

Har du tankar om å legge om eller starte med frukt? Ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen din.

For fagleg råd og rettleiing ta kontakt med Rogaland Fruktdyrkarlag ved Øystein T. Kleppa (51752266). Gode råd om søknader og liknande gir Kari Sand, Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke (950 31 190).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.