Mentorordninga- ein tryggleik for nyutdanna veterinærar
Den norske veterinærforeininga fekk i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet å oppretta «Mentorprosjektet». No har sluttrapporten frå prosjektet blitt publisert, og veterinærforeininga anbefaler vidareføring av ordninga via offentleg støtte, og samarbeid med Norges miljø-og biovitenskapelige universitet, Geno og offentleg forvalting.
Det er utfordrande å rekruttera og behalde veterinærar til stordyrpraksis, spesielt i distrikta. Mentorprosjektet blei etablert for å støtta veterinærstudentar og nyutdanna veterinærar til å jobba med produksjonsdyr. Prosjektet skulle utvikla eit system som tar vare på, og vidareutviklar ei mentorordning i distrikta, samt bidra til auka rekruttering av veterinærar til stordyrpraksis. Ifølgje rapporten presiserte Landbruks- og matdepartementet at systemet skulle skalerast opp til nasjonal permanent ordning.
Mål og resultat
Tildelingsbreva frå departementet har definert fire konkrete mål for prosjektet:
- Ei utplasserings- og mentorordning som etablerer kontakt og utveksling av erfaring mellom veterinærstudentar/nyutdanna veterinærar, erfarne veterinærar og produksjonsdyrbransjen.
- Eit system som kan koordinere behov for veterinærtenester og arbeidskraft, behov for studentpraksis, interesse for arbeid i produksjonsdyrpraksis og interesse for å bidra som mentor på nasjonalt nivå.
- Kurs- og nettverkstilbod for mentorar.
- Refusjonsordning for inseminasjonskurs og ei vurdering av kursporteføljen som trengst for praksis med vakt.
Rapporten beskriv korleis måla er oppnådd og peikar på utfordringane med å etablera mentorordning i distrika. Resultatet av prosjektet viser auka interesse for å jobba med stordyrpraksis i distrika, har styrka fagleg nettverk og fått positiv respons blant deltakarane.
Totalt blei det gjennomført 42 mentorsamarbeid, ingen av desse var i Rogaland.
Usikker framtid for mentorprosjektet
I statsbudsjettet for 2026 er det foreslått at 4 millionar kroner av stimuleringsmidlane øyremerkast tiltak som kan betre tilgangen til veterinærtenester i distrikta. Det er ein reduksjon på 1 million kroner frå 2025. Veterinærforeininga er bekymra for konsekvensane for vidareføring av mentorprosjektet.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85