Inngrep i kulturlandskapet og reaksjon i tilskot

Bekk lagt i røyr utan løyve. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Landbruks- og matepartementet har vedteke ei endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Endringa gir landbruksforvaltninga eit betre verkty til å følga opp saker der det er gjort inngrep som øydelegg kulturlandskapet, eller der kravet om vegetasjonssone mot vassdrag er brote. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2021

Bestemminga i § 4 regulerer konskvensar for tilskotet i tilfelle der det blir utført "inngrep som forringer kulturlandskapet", eller der kravet om vegetasjonssone mot vassdrag blir brutt. Tidlegare skulle forvaltninga avslå alt tilskot til jordbruksareal i slike tilfelle. 

Regelverket er no endra slik at forvaltninga skal avkorta tilskotet ut frå kor alvorleg saka er, og kva konsekvensar inngrepet eller manglande vegetasjonssone kan få. Årsaka til endringa er å få eit regelverk som gjer ein meir forholdsmessig og rimeleg reaksjon. Landbruksdirektoratet vil i løpet av kort tid koma med eit nytt rundskriv der dei mellom anna legg føringar for korleis forvaltninga skal vurdera storleiken på avkortinga. 

Endringsforskrifta finn du på Lovdata. Du kan lesa meir om korleis bestemminga skal praktiserast i Landbruks- og matdepartementet sitt fastsettingsbrev. Sjå lenker til endringsforskrift og fastsettingsbrev i boksen til høgre.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Forskriftsendringa