Bonde i medgang og motgang

Halle Arnes på Landbrukskonferansen 2023 foto: Statsforvaltaren i Rogaland

På Landbrukskonferansen 20. mars talte Halle Arnes, fagkoordinator HMS hos Norsk Landbruksrådgiving, om psykisk helse. Bodskapet var at ein må bli flinkare til gje seg sjølv ein klapp på skuldra for det ein får gjort og slutte med å jage seg sjølv for det ein ikkje får gjort. Mykje kan du gjere for å ha ein god psykiske helse, som å sørge for å ha eit sosialt nettverk, struktur på dagen eller å vera til hjelp for den som slit. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2023

Psykisk helse og psyksik uhelse er tema som må tas på alvor. Det er lett å forstå at med uro i verda og uvisse om korleis økonomi, klima eller samfunnet for øvrig endrar seg i framtida, kan gjera mange bekymra. Bonden er sin eigen arbeidsgjevar med gjerne ein tilsett, seg sjølv. Dette gjer bonden utsett for psykisk uhelse når livet buttar i mot. Halle Arnes talte om fleire faktorar som kan ha betydning for eigen psykiske helse.

Prioriter seg sjølv

Ein kan kjenne på at strikken er strekt til den ikkje lenger er meir tøyeleg. Økonomien er stram, tida er for knapp, kanskje produksjonen ikkje går som venta og graset burde vært i hus men veret spelar ikkje på lag. Ein sluttar å sove grunna bekymringar, ein sluttar å ete fordi tida strekk ikkje til, tankane gnagar på rekningane, graset som ikkje kjem i hus, revisjonar og kontrollar. Du kjem aldri i mål, heile byrda tynger deg ned og tankane gjer deg tom.

Arnes sitt enkle, men viktige bodskap er at ein skal prioritere seg sjølv. Start med nok søvn og spis godt. Du er ikkje aleine. Ta tak i ditt sosiale liv, det er mykje god helse i en drøs med naboen over ein kopp kaffi. Ein må bli rausare med seg sjølv, la andre få hjelpe deg i staden for å springa fortare. Og det er lov å halde kviledagen hellig og ta ein pause.

Har du eit morgonmøte?

For å lage struktur på dagen oppfordra Arnes om å ha ein morgonmøte. Å lage ein gjere-liste som ein stryker ut i løpet av dagen kjennes godt. Dette handlar om å gje ein klapp på skuldra etter kvart som ting blir gjort. Sett av tid til pause i dagsplanen. 

Skaff deg kunnskap

Eit sosialt liv kan også vere deltaking på kurs, rådgiving eller fagsamlingar. Dette er vinn-vinn då du får treffa dine landbrukskollegaer og heva din eigen kompetanse. 

Det enkle er ofte det beste

Halvparten av oss får psykiske lidingar, dette gjeld også for bønder. I ein oppsummering ga Arnes nokre ord til ettertanke;

Få hjelp til praktiske jobber

Delt sorg, halv sorg

Delt glede, dobbel glede

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.