Rogaland fylkeskommune – vår kandidat til nasjonal jordvernpris 2025

Statsforvaltaren i Rogaland rår til at Rogaland fylkeskommune blir tildelt den nasjonale jordvernprisen for 2025. Dette særleg grunna målretta arbeid gjennom revisjon av Jordvernstrategi for Rogaland, utvikling av arealrekneskap og regional planlegging med vektlegging på jordvern.
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har invitert til å komme med forslag til kandidat til jordvernprisen 2025. Vi har også annonsert dette på vår nettside, men har ikkje motteke forslag til kandidatar. Statsforvalteren i Rogaland fremja Rogaland fylkeskommune som kandidat også i 2021, og vår vurdering er at det er god grunn til å fremje dei på ny.
Ambisiøst jordvernmål for Rogaland
Ein viktig grunn til vårt forslag er Rogaland fylkeskommune sitt arbeid med Jordvernstrategi for matfylket Rogaland, med revisjon av mål våren 2023. Det er her vedteke eit mål om at omdisponering av jordbruksareal skal vere under 200 dekar i året i Rogaland, inkludert omdisponeringa innan landbruket. Jordvernstrategien frå 2019 peikar elles ut tre hovudområde for innsats:
· Kunnskapsformidling
· Jordvernomsyn i planar
· Utfordre landbruksnæringa
Jordvernstrategien har klart gitt auka merksemd på jordvern i heile Rogaland, og har vore eit sentralt grunnlagsdokument i enkeltsaker og inn mot arbeidet med revisjon av kommuneplanar.
Arealrekneskap som grunnlag for planvask
Rogaland fylkeskommune har i 2023 utvikla eit arealrekneskap som viser arealreservar i kommunane, som viser at det er ein samla arealreserve på 113 000 dekar i Rogaland, og at om lag 23 000 dekar av dette er dyrka jord. Dette har vore et viktig faktagrunnlag for å kunne utfordre kommunane til å ta ut byggeområde i samband med revisjon av kommuneplan, det å gjennomføre planvask.
Regional planlegging med vektlegging på jordvern
Rogaland fylkeskommune har gjennom mange år har hatt ei sentral rolle knyta til jordvern i regionen, særleg gjennom arbeidet med regionale areal- og transportplanar. Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke, siste revidert juni 2023, var første plan i landet der det var trekt langsiktig grense for landbruk på regionalt nivå. Grensa er seinare formalisert og kartfesta i alle dei aktuelle kommunane. Jordvernmålet frå jordvernstrategien er teken vidare i regionalplanen, med retningsliner om at kommunane skal drøfte sitt eige jordvernmål ved revisjon av kommuneplan. Jæren-regionen vil vi omtale som det viktigaste landbruksområdet i landet, med anslagsvis 10 % av det nasjonale husdyrhaldet.
Bymiljøpakken viktig - korleis er like viktig som kor vi bygg
Arealutnytting og lokaliseringsstyring er viktig for jordvernet, men også for andre omsyn som er viktige i planlegginga. Det er viktig at jordvernet blir ein integrert del av andre nasjonale og regionale omsyn, slik som å ta vare på naturverdiar og det å redusere transportarbeidet. Rogaland fylkeskommune har vore ein aktiv deltakar i arbeidet med Bymiljøpakken, der nullvekstmålet i biltransport også er eit positivt bidrag for jordvernet.
Kven vinn i 2025?
Vi er merksame på at kandidatar frå Rogaland er tildelt prisen to gonger, Randaberg kommene i 2019 og Haugesund kommune i 2023. Men dette bør ikkje diskvalifisere ein ny god kandidat frå Rogaland. Vi får vente i spenning å sjå kven som vinn nasjonal jordvernpris i 2025.