Rekordlågt sal av mjølkekvotar i 2025

Fristen for å selje heile eller delar av grunnkvota for mjølk var 15. august. Talet av søkjarar som ynskjer å selje mjølkekvotar er i år rekordlågt. På landsbasis er det 76 søknader om å selje kvota, og berre 3 søknader frå Rogaland.
I 2023 og 2024 blei det bestemt i jordbruksforhandlingane at 100% av grunnkvote kunne seljast privat. Då var det mange som nytta seg av ordninga og selde grunnkvota si. I 2025 blei gamle reglar gjeninnført om at minst 40 % av grunnkvota må seljast til staten og 60 % kan seljast privat. Frå 2023 fram til i år har det ikkje vore mogleg å kjøpe grunnkvote frå staten. Årsaka er at volumet skal brukast til rekrutteringskvote i Troms og Finnmark.
Oversikt for Noreg
I Rogaland er det berre 3 søknader for sal av kvote for kumjølk. Fleire faktorar spelar inn for utviklinga, behov for mjølk i marknaden gjer at bønder vel å fortsetta med mjølkeproduksjon i båsfjøs fram mot lausdriftskravet, nokre investerer i lausdrift og treng meir kvote i nytt driftsopplegg og nyetableringar. Ein kan heller ikkje utelukka at fleire nytta moglegheita til å selje alt privat i 2023 og 2024, og effekten av regelendringa er færre søknader i år.
Produksjonsregioner ku |
Søknader om salg |
Salg privat (liter) |
Salg til staten (liter) |
Agder |
- |
- |
- |
Møre og Romsdal |
9 |
255 766 |
186 875 |
Nordland |
11 |
828 324 |
552 221 |
Oslo og tidligere Akershus fylke |
2 |
89 506 |
59 672 |
Rogaland |
3 |
189 562 |
126 376 |
Tidligere Buskerud fylke |
- |
- |
- |
Finnmark fylke |
2 |
116 556 |
77 705 |
Tidligere Hedmark fylke |
4 |
275 002 |
183 337 |
Tidligere Oppland fylke |
6 |
240 382 |
160 257 |
Telemark fylke |
- |
- |
- |
Troms fylke |
3 |
- |
135 133 |
Østfold og Vestfold Fylke |
6 |
466 681 |
311 122 |
Trøndelag |
20 |
1 038 032 |
692 029 |
Vestland |
10 |
418 798 |
279 213 |
Totalt |
76 |
3 918 609 |
2 763 940 |
Utvikling i Rogaland
Vi har lagt ved tabell som viser utviklinga i tal føretak med disponibel kumjølkkvote i Rogaland frå 2023 til 2025. Den viser at nedgangen i tal føretak stagnerer frå 2024 til 2025. Ifølgje Landbruksdirektoratet har 117 føretak har starta opp i Rogland dei siste tre åra. Talet inkluderer produsentar som driv med berre lokalforedling som nødvendigvis ikkje leverer til meieri, og brukerskifte der kvota blir overført i eit 1:1 forhald til nytt føretak.
Mjølkevolumet i Rogaland har hatt ein auke på nesten 51 millionar liter frå 2024 til 2025. Årsaka er høgt forholdstal som gjer bonden moglegheit til å produsera over disponibel grunnkvote. Prognose frå Tine mjølkeråvare tilseier overskot av mjølk i 2025 og at forholdstalet vil bli sett ned i 2026.
Oppsummering
Tabellen viser tal eigedomar som har selde kvote om liter mjølk. Det er førebels ein godkjent søknad for 2025, dei to andre søknadene er ikkje ferdig behandla.
2023 |
2024 |
2025 |
|
Tal eigedomar |
66 |
184 |
1 - 3 |
Liter mjølk |
7 215 444 |
20 014 518 |
130 000 – 467 544 |