Oppdaterte smittevernråd for MRSA

Mattilsynet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet har oppdatert sine smittevernråd for MRSA. Dei nye smittevernråda vidarefører og understreker ambisjonen om å halda den norske husdyrproduksjonen fri for MRSA. Råda om testing for MRSA av personar som skal arbeide med husdyr er utvida.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2016

Lista over risikofaktorar som gir grunnlag for å tilrå testing omfattar nå alle som skal arbeide med husdyr, og som det siste året har:

  • hatt fast bustad i utlandet
  • pendla mellom utlandet og arbeidstad i Norge
  • vore i kontakt med MRSA-smitta husdyrbesetning
  • besøkt eller arbeidd i husdyrbesetningar i utlandet
  • vore behandla i helseinstitusjon i land utanfor Norden

Dei nye smittevernråda tek utgangspunkt i at både svin og drøvtyggarar er moglege kjelder for MRSA-smitte. For meir informasjon viser vi til vedlagt oppdatering frå Mattilsynet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.