Infisert sone for fugleinfluensa innført i sju kommunar i Rogaland
Mattilsynet har innført ei infisert sone for fugleinfluensa i delar av Rogaland etter påvising av høgpatogen aviær influensa (HPAI) hos ville fuglar. Tiltaka gjeld for kommunane Stavanger, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt tidlegare Forsand kommune), Klepp, Time og Hå.
Mattilsynet har innført ei infisert sone for fugleinfluensa i delar av Rogaland etter påvising av høgpatogen aviær influensa (HPAI) hos ville fuglar.
Tiltaka er heimla i Forskrift om infisert sone for høypatogen aviær influensa og Newcastlesyke og har som mål å hindre smittespreiing frå ville til tamme fuglar.
Kven blir råka av tiltaka?
Alle som held fugl – anten det er hobbydyr som høner, duer og papegøyar, eller kommersielt fjørfehald – må følgje dei nye reglane. Dette omfattar også aktivitetar som fuglejakt og utsetting av fuglevilt.
Viktige tiltak i infisert sone:
- Fuglar må haldast innandørs eller vere skjerma
- Forbod mot utandørs vassreservoar for fugl
- Fôr og vatn skal vere beskytta
- Forbod mot samlingar av dyr
Biosikkerheitstiltak – alltid viktig
- Kommersielle fjørfeanlegg skal følgje krava i dyrehelseforskrifta
- I andre anlegg med fugl er det viktig:
- At færrest mogleg kjem i kontakt med fuglane
- Å vaske hender og utstyr
- Å bruke eige skotøy og skoovertrekk
- Å bruke desinfeksjonsmiddel
Meir informasjon
For oppdatert informasjon og full oversikt over reglane som gjeld i infisert sone, sjå:
- Hva gjelder for deg som har dyrehold med fugl i infisert sone for fugleinfluensa i Rogaland | Mattilsynet
- Forskrift om infisert sone – Lovdata
For fagleg informasjon om sjukdommen, sjå gjerne Veterinærinstituttet; Aviær influensa (fugleinfluensa) - Veterinærinstituttet