Balansegang i norsk mjølkeproduksjon
Mjølkeprodusentane må konkurrere mot stadig aukande import, strengare krav og store investeringsbehov. Skal norsk mjølk behalde konkurransekrafta, må omstillinga lukkast – utan at bøndene taper i kappløpet.
På fagsamlinga for landbruksforvaltinga i Rogaland sist veke la direktør Bjørn Halvor Åsland frå TINE fram tal for produksjon og etterspurnad av mjølk i Noreg.
Ei næring i balanse – og i endring
Mjølkeproduksjonen i Noreg har over tid lege stabilt på om lag 1,5 milliardar liter mjølk årleg. Produksjonen blir regulert etter etterspurnaden ved hjelp av forholdstalet, som avgjer kor stor del av mjølkekvota bøndene kan produsere.
I 2024 auka etterspurnaden, og styresmaktene saman med Norsk melkeråvare justerte opp forholdstalet. Samstundes er det krevjande å auke produksjonen raskt. For bonden handlar det om langsiktig planlegging av økonomi, dyretal, kalvingstidspunkt og tilgang på fôr.
Globalt auka mjølkeproduksjonen med 2,2 prosent i 2024, med Asia som den sterkaste vekstmotoren. Etterspurnaden aukar ikkje berre fordi folketalet veks, men òg fordi fleire brukar mjølkeprodukt.
Rekordproduksjon og fallande prisar
I 2025 opplevde bøndene i Europa gode produksjonsforhold, med rekordstore mjølkemengder i EU og Irland. Utfordringa kom etter sommaren, då etterspurnaden stagnerte og mjølkeprisane fall brått.
Mjølka inneheldt og meir protein og feitt, noko som forsterka overskotet av mjølk Europa. Tine ser same trend i Noreg med høgare tørrstoffmengde i mjølka som gir utslag på mengde mjølk pr kilo ost.
Importen tek veksten
Når Europa produserer mykje «billig» mjølk, aukar òg konkurransen frå importerte meieriprodukt. Auken er særleg stor innan kategoriar som ost, yogurt og smakstilsette mjølkeprodukt.
Utfordringa for norsk mjølkeproduksjon er at importen i stor grad har teke heile veksten i etterspurnaden. Det gjer konkurransesituasjonen meir krevjande for norske bønder og norsk foredlingsindustri.
Målet til TINE er å styrke konkurransekrafta til norsk mjølk og på sikt auke produksjonen til 1,6 milliardar liter innan 2035. For å lukkast må fleire forhold vere føreseielege: tilgang på arbeidskraft og kompetanse, jordbruksareal, økonomi, investeringsvilje, kvoteordningar og offentlege krav.
Store investeringar ventar
Omstillinga i mjølkeproduksjonen har pågått i mange år, og innan 2034 må så godt som alle fjøs vere bygde om til lausdrift.
I Rogaland kjem allereie over 80 prosent av mjølka frå lausdriftsfjøs, men det står framleis rundt 300 båsfjøs att. Desse bruka har ofte små kvotar og er høgt prioriterte i investeringsordningane.
Samtidig går utviklinga mot færre og større bruk.
Kostnadsveksten innan bygg og anlegg har vore kraftig. Mange bønder kjenner òg på store svingingar i straumprisar, kraftfôrkostnader og dieselutgifter. Det gjer investeringar meir usikre og krevjande.
Frå elitemjølk til klimamjølk
Klima og miljø får stadig større betydning i landbruket. Tidlegare handla kvalitetsbetaling i stor grad om innhald og hygiene i mjølka. No blir klimaavtrykk og berekraft stadig viktigare konkurransefaktorar.
– Skal Noreg lukkast med å styrke konkurransekrafta i mjølkeproduksjonen, må ein lukkast hos bonden, sa Bjørn Halvor Åsland.
For mange bønder er det ikkje først og fremst mjølkekvotene som er den største avgrensinga. Utfordringa er tilgang på jord og dårleg arrondering. I Rogaland er delen leigejord høg – i snitt om lag 60 prosent. Mange bønder har dermed gått frå å vere jordeigarar til å bli leilendingar på store delar av arealet dei driv.