400 mjølkebønder i Rogaland må bygge om innan 2034

Lausdriftsfjøs i tre i Bjørheimsbygd.
Lausdriftsfjøs i tre i Bjørheimsbygd. Foto: Anfinn Rosnes.

Trass mange båsfjøs igjen, kjem allereie 80 prosent av mjølka i Rogaland frå kyr i lausdriftsfjøs.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.11.2024

To krav argumentert først og fremst ut frå dyrevelferd har vore spesielt drivande for omlegginga frå bås- til lausdriftsfjøs:

  • I 2024 blei det innført krav om kalvingsbinge og mosjon på beite i 16 veker, pluss at kyr oppstalla i båsfjøs skal ha «mulighet til regelmessig mosjon og fri bevegelse resten av året».
  • I 2034 kjem det krav om lausdrift i alle fjøs, inkludert økologisk produksjon.

God omleggingstakt

I 2024 og 2025 har regjeringa sett av ekstra investeringsmidlar for å stimulere til og redusere den økonomiske risikoen ved omlegginga, og rogalandsbøndene har tatt godt for seg av desse midlane. Totalt 40 mjølkefjøsprosjekt i Rogaland fekk investeringsmidlar frå Innovasjon Norge i 2024.

Tungt mjølkefylke

Rogaland er som kjent eit mjølkefylke der både TINE og Q-meieriene er tungt inne på foredlingssida. Til saman mottar dei om lag 270 millionar liter mjølk frå rogalandskyrne. Fordelinga av dei 1021 mjølkebruka er om lag 80/20 mellom TINE og Q.

imageyj7jv.png

Produksjonsviljen er stor både i Tysvær og Hå

I spørreundersøkinga "Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland" frå 2022 blei mjølkebønder spurt om dei så for seg å produsere mjølk om 15 år, altså i 2037. Størst produksjonsvilje var det i Tysvær, deretter fulgte Lund, Hå og Suldal.

image0mj5m.png

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.