Ope informasjonsmøte om spreieareal på innmarksbeite
- Dato:
- 19. august 2026 19:30 - 21:30
- Stad:
- Utsyn, Utsynvegen 22, 4160 Finnøy
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til informasjonsmøte om ny gjødselbruksforskrift og spreieareal onsdag 19. august kl. 19.30 på Finnøy. Møtet blir arrangert i samband med Tomatfestivalen og er ope for alle interesserte.
Den nye gjødselbruksforskrifta inneber at Statsforvaltaren kan vurdere om eldre godkjenningar av spreieareal framleis kan gjelde der desse overlappar med registrert naturbeitemark. Dette har aktualisert spørsmål om både regelverk, kartlegging av naturbeitemark og korleis eldre vedtak skal handterast. Sjå elles vår siste nettsak om dette tema.
På møtet vil vi orientere om den nye gjødselbruksforskrifta og bakgrunnen for varsla som er sende ut. Vi vil òg informere om regelverket og den vidare prosessen, og leggje til rette for spørsmål, innspel og dialog.
Statsforvaltar Bent Høie vil opne møtet og seie noko om Statsforvaltaren si rolle. Det blir vidare innlegg frå representantar frå Landbruksdirektoratet, Bondelaget, Miljøvernavdelinga og Landbruksavdelinga v/landbruksdirektør Monica Dahlmo hos Statsforvaltaren. Det blir òg sett av tid til spørsmål frå salen.
Representantar frå Stavanger kommune vil vere til stades og bidra med å svare på spørsmål.
Det blir servert kaffi og noko attåt.
Tid og stad
Onsdag 19. august kl. 19.30
Utsyn, Utsynvegen 22, 4160 Finnøy
Møtet er ope for alle interesserte, og det er ikkje nødvendig med påmelding.
Vel møtt!
Prosess i andre kommunar
Statsforvaltaren er ferdig med å gå igjennom kartlaget for kommunane på Haugalandet, Vindafjord, Tysvær, Karmøy og Bokn. Her blei det vedtak i 40 saker, der 4 saker no ligg til klagebehandling hjå Landbruksdirektoratet.
Statsforvaltaran har framleis ikkje vurdert kartlaget i øvrige kommunar. Når det er gjort, vil vi ha eigne informasjonsmøte dersom det er ønskeleg.
- Dato:
- 19. august 2026 19:30 - 21:30
- Stad:
- Utsyn, Utsynvegen 22, 4160 Finnøy
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland