Skjønsmidlar til retaksering av verk og bruk i kommunane

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 fatta Stortinget vedtak om å frita produksjonsutstyr og installasjonar for eigedomsskatt frå og med 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2018

Vedtaket inneber at kommunane må retaksere dei eigedomane som blir påverka av lovendringa. Dette gjeld mellom anna kraftkrevjande industri, raffineri og dataanlegg i store datasenter.

Stortinget vedtok ein auke på kap. 571 post 64 på 72,5 mill. kroner i 2018 for å kompensere kommunane for kostnadane ved retakseringa. Det er no klart at Rogaland vil få 4,5 mill. kroner av desse midlane.

Fylkesmannen vil kome tilbake med meir informasjon når fordelinga på kvar einskild kommune er klar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.