Gode resultat – men framleis krevjande rammer for kommunane
Kommunane i Rogaland klarer seg framleis godt økonomisk. Det er ingen kommunar i ROBEK, og alle kommunane hadde positive driftsresultat i 2025. Samstundes viser kommuneproposisjonen for 2027 at handlingsrommet framover er avgrensa, og fleire sentrale utfordringar står uløyste. Her er hovudtrekka i opplegget og nokre utfordringar sett frå kommunane i Rogaland.
Betre resultater i 2025, gode utsikter for 2026
I 2025 fekk kommunane samla sett eit netto driftsresultat på 2,5 prosent. Dette er over tilrådinga frå det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjer (TBU) på 1,75 pst.. På landsbasis leverte to tredjedelar av kommunane eit positivt netto driftsresultat for 2025. I Rogaland leverte alle kommunar eit positivt netto driftsresultat. Vidare realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter i år er venta å gi gode driftsresultat også i 2026.
Talet på kommunar i ROBEK har vore lågt dei siste åra. Ved inngangen av mai i år var det 27 kommunar i registeret, som er ei auke frå 21 kommunar ved inngangen til mai i fjor. Dette blir sett i samanheng med svake resultat i 2024 som gir ein forsinka effekt når kommunar ikkje lenger har oppsparte midlar dei kan nytta for å dekkja inn eit negativt resultat i 2025. I Rogaland er ingen kommunar registrerte i ROBEK.
Kommuneopplegget for 2027
Regjeringa legg opp til ei framleis styrking av det kommunale tenestetilbodet og varslar i Kommuneproposisjonen for 2027 ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på mellom 3,5 og 4,0 mrd. kroner. Det er anslått meirkostnader til demografi på 3,0 mrd. kroner i 2027, noko som gir eit handlingsrom på 0,5 til 1 mrd. kroner. Regjeringa foreslår at handlingsrommet fordelast med 80 pst. på kommunane og 20 pst. på fylkeskommunane.
Skjønsramma for 2027
Kommunal- og distriktsdepartementet fordelar årleg ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjøn. Den totale skjønsramma er foreslått til 1 030 mill. kroner i 2027. Ramma fordelar seg slik: 830 mill. kroner i basisramme, 15 mill. kroner til prosjektskjøn og 185 mill. kroner til departementet sin reservepott. Basisramma er heldt på same nivå som i 2026.
Det er store forskjellar i storleiken på dei fylkesvise skjønsrammene, og i fjor vert det gjennomført ein omfordeling mellom fylka for å jamne ut forskjellane. Denne omfordelinga skal skje gradvis. Det er enno ikkje kjent kva ramma til Rogaland blir for 2027. Rogaland fikk ei auke i sin skjønsramme for 2026.
Oppfølging av kommunar i økonomisk ubalanse - utvida verktøykasse
Regjeringa skal greie ut nye verkemiddel retta mot kommunar med vesentlege manglar eller svikt i styring og kontroll av kommunen. Den utvida vertøykassa vil vere for kommunar som er i ROBEK og der den negative utviklinga i kommuneøkonomien held fram.
Vurdering av tiltak for auka økonomisk forutsigbarheit for kommunesektoren
I Kommuneproposisjonen 2027 varslar regjeringa at dei vil invitere KS til å delta i eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå budsjetteringa av veksten i kommunesektoren sine frie inntekter, med sikte på å vurdere tiltak som kan gi auka forutsigbarheit og dermed betre styringsinformasjon for sektoren.
Oppfølging av kommunekommisjonen - reduksjon av statleg styring
Regjeringa held fram arbeidet for å redusere statleg detaljstyring og auke det lokale handlingsrommet. Tidlegare har regjeringa innlemma øremerka tilskot for til saman 1,6 mrd. kroner, i tillegg til å tidobla grensa for når kommunane som hovudregel ikkje skal rapportere på øremerka tilskot frå 100 000 kroner til 1 million kroner.
I kommuneproposisjonen for 2027 varslar regjeringa følgande tiltak:
- sende forslag om å oppheve kompetansekrava i helse- og omsorgstenestelova på høyring.
- lempe på dagens detaljerte krav for tilsetjing i lærarstilling på ulike trinn
- innlemme ytterlegare åtte øremerka tilskot i statsbudsjettet for 2027
- slå saman fleire tilskot for å redusera talet på øremerka tilskot og gi kommunar og fylkeskommunar auka handlingsrom
- forenkle investeringstilskotet for heildøgns omsorgsplassar
Betre reglar om interkommunalt samarbeid
Det er avgjerande at kommunane har tilgang til samarbeidsmodellar som treff behova deira. Regjeringa foreslår å videreutvikla samarbeidsmodellen kommunalt oppgavefellesskap. Dette vil blant anna innebere å opne for at oppgåvefellesskap kan fatte enkeltvedtak, som kan bidra til at kommunane kan gjere store endringar i måten dei samarbeidar på.
Regjeringa vil også legge meir til rette for samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar og opne for vertskommunesamarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar om oppgåver dei har felles.
Uløyste utfordringar sett frå kommunane i Rogaland
Kommunane i Rogaland har god kontroll på kommuneøkonomien, sjølv om det også her er kommunar med eit avgrensa økonomisk handlingsrom. Alle kommunane i Rogaland leverte eit positivt driftsresultat i 2025, og det er ingen Rogalandskommunar i ROBEK. Kommunane i Rogaland står likevel overfor betydelege utfordringar. Her er nokre av dei utfordringane som kommunane i Rogaland no opplever som ekstra krevjande, og der dei saknar gode løysingar i kommuneopplegget frå Regjeringa.
Omstilling kostar og er krevjande
Å omstille ei så stor og kompleks verksemd som ein kommune kostar både tid og pengar. Det gjeld ikkje minst for store strukturendringar. For eksempel kan det vere behov for å byggje ein ny, større skule for å romme elevar frå fleire mindre skular. Investeringskostnaden for den store skulen kjem med ein gong, medan dei økonomiske innsparingane i drift kan ta tid. Det same gjeld ved rehabilitering og større vedlikehald av bygningar. Investeringskostnadene kjem med ein gong, medan dei reduserte driftskostnadene vil kome over tid.
Dei fleste kommunane har lagt inn store økonomiske innsparingskrav i inneverande økonomiplanperiode. For å kunne nå desse krava vil kommunane ofte ha auka kostnader i ein overgangsperiode. Det vil for eksempel vere behov for å hente inn ekstern kompetanse for å finne fram til aktuelle område for innsparing. Det vil vere behov for betydeleg internt arbeid til sjølve omstillingsprosessen. Utan eit tilstrekkeleg økonomisk handlingsrom, er det vanskeleg å lukkast.
Det er ein auke i unge som treng ekstra tenester i barnehage og skule, frå barnevernet og innan pleie og omsorg. Nokre kommunar i Rogaland får heller ikkje nedgang av betydning i dei yngre aldersgruppene i åra framover. I ein slik situasjon er det i praksis svært vanskeleg å flytte ressursar frå oppveksttenester for dei yngre aldersgruppene over til pleie- og omsorgstenester for dei eldre aldersgruppene.
Ressurskrevjande tenester
Det er vanskeleg for kommunane å planleggje utgiftene til ressurskrevjande tenester i løpet av året. Det kjem ofte nye innbyggjarar med store behov som utløyser tenester kommunane ikkje har kunna ta høgd for i budsjetta. Den låge aldersgrensa på 67 år, for når personar med ressurskrevjande tenester går ut av dagens refusjonsordning, er også noko som kommunane peikar på som spesielt utfordrande.
Investeringstilskotet treff ikkje alltid
Kommunar i Rogaland erfarer at Husbankens investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar har reglar som gjer at dei ikkje alltid treff i forhold til omstillingsutfordringane. Når kommunane byggjer opp kapasiteten på døgnplassar innan pleie og omsorg, er det mest økonomisk å byggje for framtida med fleire plassar enn behovet på kort og mellomlang sikt. Det betyr for eksempel at ikkje alle plassane i ein ny sjukeheim blir tekne i bruk til den primære målgruppa ved oppstart og dei næraste åra. Kommunen vil då i desse åra kunne leige ut delar av kapasiteten til andre innbyggjarar. I ein slik situasjon må kommunane betale delar av investeringstilskotet tilbake til Husbanken, dette sjølv om kommunen kan dokumentere behovet for fleire pleie- og omsorgsplassar fram i tid. Det er også omsorgsplassar som kommunane ikkje får investeringstilskot til i det heile, som for eksempel akuttplassar i eit krisesenter.
Sjå lenkjer til Revidert nasjonalbudsjett 2026, Kommuneproposisjonen for 2027 og KS sitt Stormøte om revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen i sidemenyen. På Stormøtet var også Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran til stades,