Lågare vekst i folketalet i 2013

Folketalet i Rogaland auka meir enn landet også i 2013, men ikkje så mykje som åra før. Likevel hadde berre Oslo høgare vekst, i følgje ferske folketal frå SSB.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2014

Rogaland hadde ein auke i folketalet på 1,7 % i 2013, mot 1,1 % for landet. I 2012  var veksten 2,0 %, medan landsauken var 1,3 %.

Folketalet auka med 7 466  personar til  459 625. Fylket hadde 13 % av folketilveksten i landet mot 14 % i 2012. Saman med Hordaland hadde ein 25 %, medan Oslo og Akershus hadde 34  % av tilveksten. I 2012 var tilsvarande tal 25 og 32 %.

Som i dei fire føregåande åra  er det  Rennesøy som ligg på topp på topp med ein vekst på 2,9 %, deretter kjem Hå, Sandnes og Time Dei siste 10 åra har folketalet i Rennesøy auka med 43,7% og ligg på landstoppen. Andre kommunar med sterk vekst desse åra er Klepp, Sola, Sandnes, Time, Hå og Gjesdal, som alle har over 20 %. 16 av dei 26 kommunane i fylket auka meir enn landet i denne perioden, dvs 11,6 %. I absolutte tal auka Sandnes i fjor meir enn Stavanger, 1 854 mot 1 563 personar.

Berre Hjelmeland kommune hadde nedgang i folketalet i fjor. Siste 10 åra har folketalet gått ned i Sauda, Utsira, Sokndal og Suldal, mest i Sauda med 2,4 %. Hovudtendensen er som før at veksten er størst i dei sentrale kommunane.

Alderssamansetjing

Dei nyaste folketala frå SSB viser m.a. at Rogaland framleis har høgast del unge under 20 år. Berre Oslo har lågare del 70 år og eldre, av fylka i landet. Dei under 20 år utgjer 27,1 % i Rogaland mot 24,6 % for landet, aldersgruppa 70 år og eldre utgjer 8,7 % i Rogaland og 10,5 %  i landet.

Av kommunane har Rennesøy og Gjesdal størst del unge (under 20 år), medan Kvitsøy og Sauda har størst del eldre (70+ år). Berre to kommunar har lågare del unge enn landssnittet.

 Utvikling i folketal og aldersgrupper påverkar inntektene til kommunane gjennom rammeoverføringa frå staten. Særleg viktig vil utviklinga i talet på barn og unge under 16 år og dei som er 67 år og eldre. Det er desse gruppene som gir mest utteljing i inntektssystemet for kommunane, sidan dei er dei viktigaste brukarane av kommunale tenester. Fram til 2009 blei rammeoverføringa omrekna i budsjettåret på grunnlag av folketal og tal for aldersgrupper pr 1. januar i budsjettåret. Frå og med 2009 gjeld denne omrekninga ikkje innbyggjartilskotet og utgiftsutjamninga, som nå blir fastsett på grunnlag av folketal 1.juli  året før, medan oppdatering av folketal i inntektsutjamninga held fram. Nye folketal pr 1.1.14 påverkar dermed berre inntektsutjamninga for 2014. Demografiske tendensar vil likevel seia noko om kva utvikling ein kan venta i rammeoverføringa komande år.

 Tabellar:

Endring i 2013 i %

 

 

 

 

Rennesøy

2,9

 

Klepp

1,4

2,7

 

Forsand

1,2

Sandnes

2,6

 

Stavanger

1,2

Time

2,6

 

Eigersund

1,2

Gjesdal

2,5

 

Landet

1,1

Strand

2,2

 

Haugesund

1,0

Sola

2,1

 

Utsira

1,0

Rogaland u. Stvgr

1,8

 

Kvitsøy

0,6

Tysvær

1,7

 

Sokndal

0,5

Rogaland

1,7

 

Bokn

0,3

Lund

1,6

 

Sauda

0,3

Karmøy

1,5

 

Suldal

0,2

Vindafjord

1,5

 

Randaberg

0,2

Bjerkreim

1,5

 

Hjelmeland

-0,4

Finnøy

1,4

 

 

 

Unge og eldre sortert etter del unge (% 1.1.2014)

 

0-19 år

70+ år

 

 

0-19 år

70+ år

Rennesøy

30,9

7,1

 

Karmøy

27,5

9,9

Gjesdal

30,6

5,7

 

Vindafjord

27,2

11,8

Klepp

30,2

7,4

 

Eigersund

26,6

10,2

Tysvær

30,1

8,9

 

Finnøy

26,6

11,7

30,1

8,1

 

Sokndal

26,6

13,2

Forsand

29,7

10,9

 

Suldal

26,5

13,0

Randaberg

29,5

8,7

 

Bokn

26,2

13,4

Bjerkreim

29,4

9,0

 

Kvitsøy

25,0

16,8

Strand

29,2

9,5

 

Stavanger

25,0

8,3

Time

28,6

8,0

 

Utsira

24,6

10,9

Sola

28,5

7,6

 

Haugesund

24,5

10,1

Lund

28,4

11,1

 

Sauda

24,5

15,0

Sandnes

28,0

7,4

 

Rogaland

27,1

8,7

Hjelmeland

27,7

11,6

 

Landet

24,6

10,5

Lenkje til SSB 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.