18 millionar kroner delt ut for 2026 til innovasjon og utvikling i kommunane i Rogaland

Bilete/grafikk laga i Canva Pro. Viser to fingrar som puslar saman ei lyspære. Grafikk som liknar på eit kommunevåpen står øvst til høgre.

Statsforvaltaren i Rogaland har delt ut til saman 18 millionar kroner i skjønnstilskot til 17 spennande kommunale innovasjonsprosjekt for 2026. Dei nye prosjekta vil bidra til ny oppgåveløysing, sterkare samarbeid og tryggare lokalsamfunn i Rogaland.

Publisert 15.12.2025

For 2026 året har Statsforvaltaren særleg lagt vekt på prosjekt som:

  • styrker samfunnstryggleik og beredskap
  • samlar fleire kommunar i større satsingar
  • tek tak i utfordringar knytte til demografiendringar, inkludert strategisk kompetanseutvikling.

Statsforvaltaren fekk inn totalt 38 søknader frå 13 kommunar i Rogaland. KS Rogaland har i forkant av tildelinga gitt sine føringar. I tillegg har Statsforvaltarens ungdomspanel gitt råd om prosjekt som rettar seg spesielt mot barn og unge.

Desse prosjekta er tildelt skjønstilskot for 2026

Sandnes

Heilskaplege tenester på natt – Det er lite praksis for å arbeide på tvers av verksemdene for nattevakter, slik at det er mangel på kompetent personell på nattevakt. Målet er å ta i bruk meir digitalt tilsyn og ambulerande tenester på tvers av verksemdene. Tildelt kroner: 1 000 000,- 

Klimarisiko, klimatilpassing og samfunnstryggleik i arealplanlegging – Kommunen kan bli utsett for samansette flomhendingar, der fleire flomtypar skjer samtidig og kan gje uante skadar på kritisk infrastruktur og bygningar. Mangel på eit heilskapleg risikobilete gjer det vanskeleg å planleggja robuste løysingar. Målet er å auke kunnskapsgrunnlaget og styrkje kommunen si flomtilpassing av Sandnes sentrum. Tildelt kroner: 2 000 000,-

Gjesdal

Interkommunalt samarbeid om beredskap – I samarbeid med Hå, Klepp og Time kommune. Målet er å samle ressursane i kommunane, dele erfaringar og kompetanse mellom kommunane. Vidare er målet å bli meir kostnadseffektiv. Tildelt kroner: 1 430 000,-  

Tidleg rekruttering til arbeidslivet – Målet er å styrke bemanninga under hentetid i barnehagen. Kommunen utvidar førre prosjektperiode med å inkludere bemanning i helse og omsorg. Målet er å rekruttere ungdom til barnehagar, SFO-ar, sjukeheimar, dagsenter og bustader etter skuletid. Tilskotet skal brukast til å utvide prosjektet med å inkludere helse og omsorg. Tildelt kroner: 1 000 000,-

Haugesund

Moglegheitsstudie – samarbeid for eit styrkt og meir effektivt brann- og redningsvesen i Rogaland – 22 av 23 kommunar frå Rogaland er med i samarbeidet, saman med ei rekkje utvalgte kommunar frå Vestland. Studien skal klargjere moglegheitene for eit tettare samarbeid mellom brann- og redningsvesena i region Sør-Vest. Målet er å oppnå betre ressursutnytting, kostnadseffektivitet, stordriftsfordelar og ikkje minst robust og effektiv beredskap. Tildelt kroner: 1 600 000,-

«Foreldrebroen» – styrkt skule-heim-samarbeid for fleirspråklege familiar i Haugesund kommune – Kommunen opplever ei auke i talet på fleirspråklege barn, der fleire av desse har eit lågt utdanningsnivå, og opplever fattigdom og kriminalitet. Målet er å auke foreldredeltakinga blant desse barna gjennom aktivt oppsøkje foreldra og gje dei eit kompetanseløft. Tildelt kroner: 800 000,-  

Stavanger

Fleirkulturell kommunikasjon – styrkje beredskapskommunikasjon til innvandrarbefolkninga – Kommunen opplever at innvandrarbefolkninga i liten grad oppsøker eller er til stades i kommunen sine eigne informasjonskanalar, særleg i beredskapssituasjonar. Prosjektet skal bidra til at kommunen når betre ut med kritisk informasjon til innvandrarbefolkninga i beredskapssituasjonar. Tildelt kroner: 400 000,- 

SAMSIM 3 – Framtidas praksisopplæring – I samarbeid med Sandnes kommune. Helse- og omsorgstenester blir meir komplekse, og studentar får for lite praktisk øving utan å vere i drift. Det fører til ein krevjande overgang til arbeidslivet. Målet er å utvikle ein ny simulering av reelle arbeidsoppgåver i praksisopplæring i helse og omsorg, som vil føregå under kontrollerte forhold. Dette er tenkt å vere ein fast del av praksisopplæringa. Tildelt kroner: 970 000,-  

Hjernevennleg skule – Det er utfordringar med mistrivsel på skulen grunna skulerelatert stress og auka helseplager. Målet er å førebyggja psykisk uhelse blant skuleelevar ved å auke kunnskapen om barnehjernen og hjelpe til å leggje opp skulekvardagen. Tildelt kroner: 1 000 000,-

Randaberg

Frivillige og pårørande i eldreomsorga – I samarbeid med Time kommune. Det blir fleire eldre og færre arbeidsføre. Kommunen ønskjer meir frivillig innsats frå pårørande for pasientar på sjukeheimar. Målet er å gje ei gjensidig forståing av kva ein forventar av tenestene, og auke deltakinga i omsorga for pasienten. Tildelt kroner: 2 000 000,-

Hjelmeland

Samlokalisering av helse- og omsorgstenester – Kompetanse, medverknad og framtidsretta organisering – Det blir fleire eldre og færre yrkesaktive. Samtidig blir det vanskelegare å rekruttere og halde på kvalifisert helsepersonell. Målet er å utvikle eit felles helsekvartal og aldersvennlege bustader for å samlokalisera helse- og omsorgstenestene. Tildelt kroner: 800 000,- 

Interkommunal fagsjef beredskap Ryfylkekommunane – I samarbeid med Sauda, Strand og Suldal kommune. Ryfylkekommunane har små og sårbare beredskapsmiljø. Målet med prosjektet er å etablere ein felles fagressurs, standardisere metodikk og malverk, gje ein heilskapleg ROS og ei overordna beredskapsplan. Tildelt kroner: 900 000,-

Karmøy

Interkommunalt samarbeid om tenester til flyktningar – I samarbeid med Haugesund og Tysvær kommune. Kommunen vil inngå samarbeid med nabokommunar om korleis ein best kan organisera busetjing av flyktningar og andre tenester. Prosjektet skal greia ut kva tenester som eignar seg for felles organisering, og utvikle ein strategi og plan for interkommunalt samarbeid innan januar 2027. Tildelt kroner: 1 700 000,-

Tysvær

Utvikla, pilotera og implementera ein modell for bruk av AKS-sjukepleiarar i sjukeheimar i Tysvær kommune – I samarbeid med Haugesund kommune. Det er vanskeleg å rekruttere helsepersonell med høgskuleutdanning. Målet er å teste ut og implementere ulike løysingar for å nytte AKS-sjukepleiarar i eksisterande drift i sjukeheimar. Tildelt kroner: 1 600 000,-

Sokndal 

Omstilling oppvekst – Talet på elevar på skulen går ned. Det fører til overskotsareal. Målet er å bruke overskotsarealet til sambruk, møteplassar og tenester. Målet er òg å styrke ungdomsmiljøet og inkludering. Tildelt kroner: 300 000,-

Time

Utviklingsnettverk for berekraftig omstilling – I samarbeid med andre kommunar i Rogaland som deltek i KS sitt «Utviklingsnettverk for berekraftig omstilling», der også enkelte kommunar frå Vestland er med. Utviklingsnettverket har som mål å bidra til at dei deltakande kommunane får styrkt politisk og administrativt leiarskap, styrkt rolla som arbeidsgjevar, og ei felles forståing mellom folkevalde, administrasjon, lokalsamfunn og partane i arbeidslivet, med meir. Tilskotet skal gå vidare til nettverket.  Tildelt kroner: 300 000,-

Eigersund

Utrede moglegheiter for kadaverhandtering ved Svaaheia avfall A/S – Målet med prosjektet er å avklare behovet for eit felles deponi for Eigersund og omkringliggjande kommunar, for å isolere smitteutbrot blant dyr. Tildelt kroner: 200 000,-

Brevet som vi har sendt ut til kommunane om tildelinga finn du i sidemenyen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.