Val av medlemmer til forliksråda 2017-2020
 
        Val av forliksråd skal haldast innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval. Valet gjeld for fire år frå januar det påfølgjande året.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 14.07.2016
                    
                For valet gjeld føresegnene i kommunelova kapittel 6, med dei avvika som følgjer av domstolslova § 57 og § 27.
Valet skal meldast til Fylkesmannen, i tråd med domstolslova § 58.
Ei orientering om regelverket finn du som vedlegg til denne nettsaka.