Når kommunar tør å prøve noko nytt

Siv Anita Lilleskog frå Karmøy kommune og Monica Roaldkvam frå Nav Karmøy-Bokn.

Nye utfordringar krev nye løysingar. På Innovasjonstreffet delte kommunar frå Rogaland erfaringar frå prosjekt som viser korleis omstilling kan bli til konkrete resultat.

Publisert 05.06.2026

Rundt om i fylket arbeider kommunane med å finne nye løysingar på alt frå utanforskap og rekruttering til helse- og omsorgstenester. På Innovasjonstreffet til Statsforvaltaren i Rogaland fekk deltakarane høyre om konkrete prosjekt og dele erfaringar med kvarandre.

– Målet med treffet er enkelt, men viktig: å dele erfaringar, lære av kvarandre og hente inspirasjon til å utvikle morgondagens kommunale tenester, sa statsforvaltar Bent Høie i opninga.

Han peika på at innovasjon sjeldan skjer åleine.

– Innovasjon i kommunesektoren skjer når vi møtest og lærer av kvarandre, når vi samarbeider og tør å teste ut nye løysingar, sa Høie.

Store utfordringar krev nye løysingar

Kommunane står overfor store utfordringar i åra som kjem. Fleire eldre, knappare tilgang på arbeidskraft og strammare økonomiske rammer gjer at mange kommunar må tenkje nytt om korleis dei organiserer og leverer tenestene sine.

– Omstillingsbehovet i kommunane er ikkje lenger eit framtidsscenario. Det er ein realitet som krev handling no, sa Høie.

Han understreka at omstilling ikkje berre handlar om økonomi.

– Det handlar om å byggje robuste og berekraftige tenester som gir innbyggjarane tryggleik og kvalitet, også i framtida.

Statsforvaltar Bent Høie under opninga.

Delte erfaringar frå fire kommunar

På samlinga presenterte fire kommunar prosjekt som har fått støtte gjennom Statsforvaltaren sine innovasjons- og utviklingsmidlar.

Karmøy: Fleire inn i arbeidslivet
Karmøy kommune fortalte om arbeidet med å få fleire inn i arbeidslivet gjennom prosjektet «Inkluderingsløftet». Gjennom nye måtar å rekruttere på har kommunen gitt menneske utanfor arbeidslivet ein veg inn i jobb, samstundes som dei møter behovet for arbeidskraft i eigne tenester.

Sandnes: Tidleg hjelp til familiar
Sandnes kommune presenterte ein ny modell for oppfølging av familiar med låg inntekt. Målet er å gi rett hjelp til rett tid gjennom betre samarbeid og koordinering mellom tenestene. Erfaringane viser at meir samordna innsats kan gi både betre oppfølging og meir effektiv bruk av ressursane.

Gjesdal: Ungdom får arbeidserfaring
I Gjesdal kommune har ungdomsskuleelevar fått moglegheit til å arbeide i barnehagar og SFO på ettermiddagstid. Prosjektet gir ungdom verdifull arbeidserfaring og innsikt i yrke samfunnet treng fleire av, samstundes som tenestene får ekstra ressursar i dei mest hektiske periodane.

Hjelmeland: Planlegg for framtida
Hjelmeland kommune delte erfaringar frå arbeidet med å samlokalisere to helse- og omsorgssenter. Prosjektet handlar både om framtidig tenestetilbod og om korleis kommunen kan bruke ressursane sine på ein best mogleg måte gjennom langsiktig og heilskapleg planlegging.

Vil inspirere fleire kommunar

Statsforvaltaren deler kvart år ut millionar av kroner til innovasjons- og utviklingsprosjekt i kommunane. Ved førre tildeling vart 18 millionar kroner fordelte på 17 prosjekt.

– Alle kommunane i fylket har behov for utvikling og omstilling. Nettopp derfor ønskjer vi å bidra med midlar som gir kommunane høve til å tenkje nytt og prøve ut nye løysingar, sa Høie.

Målet med Innovasjonstreffet er at gode erfaringar ikkje skal bli verande i den enkelte kommunen.

Når kommunar deler kunnskap og lærer av kvarandre, blir det lettare å finne løysingar som kan kome innbyggjarane i heile fylket til gode.

Sandnes kommune presenterte sitt prosjekt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.