Nye statsborgarar frå 16 rogalandskommunar skal feirast
Nye norske statsborgarar i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 3. juni 2023. Dei kjem frå seksten rogalandskommunar.
Det er Statsforvaltaren i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig for nye statsborgarar å delta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ein festdag
Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Statsforvaltar Bent Høie leiar seremonien. Stortingsrepresentant Hadia Tajik er årets hovudtalar.
16 kommunar i Rogaland er representerte i år
Dei over 246 festklare statsborgarane bur i 16 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 600 festdeltakarar i Kuppelhallen.
Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar deltek og.
Tid/stad
Laurdag 3. juni 2023 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.
Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 16 kommunane
|
KOMMUNE |
Antall |
|
Bjerkreim |
3 |
|
Eigersund |
4 |
|
Gjesdal |
8 |
|
Haugesund |
6 |
|
Hå |
4 |
|
Karmøy |
10 |
|
Klepp |
9 |
|
Randaberg |
4 |
|
Sandnes |
50 |
|
Sokndal |
1 |
|
Sola |
23 |
|
Stavanger |
110 |
|
Strand |
7 |
|
Suldal |
2 |
|
Time |
4 |
|
Vindafjord |
1 |