Bilete frå statsborgerseremonien hausten 2013

Den 10.11.2013 blei det arrangert ei vellukka seremoni for nye statsborgarar i Statens Hus. Meir enn 300 gjester var til stades på den høgtidelege seremonien. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leia den formelle delen av arrangementet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2013

På programmet sto m.a. talar, musikkinnslag, truskapsløfte og overrekking av ei praktbok om Noreg "Velkommen som ny statsborger". Stortingsrepresentant Olaug Bollestad var hovudtalar og det var helsingar frå ordførar i Time, Reinert Kverneland og frå leiar av innvandrarrådet i Stavanger, Guri Tysse.

Som vanleg var det gode musikkinnslag av elevar frå musikklinja ved Stavanger Katedralskule. Seremonien blei avslutta med enkel servering og sosialt samvær. Arrangementet blei avslutta med enkel servering og sosialt samvær.

No kan du laste ned bilete frå statsborgarseremonien.

Bileta er komprimert som ei zip-fil, hvis du ikkje har program som kan pakke ut slike filer, så kan til dømes 7zip brukast.

Last ned

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.