Feil i innsynshandtering – Statsforvaltaren i Rogaland følgjer opp avvik

Presseinfo: Feil i handteringa av innsynskrav blei avdekt hos Statsforvaltaren i Innlandet i førre veke. Det har vist seg at feilen gjeld fleire statsforvaltarembete, også Rogaland. Departementet ser alvorleg på saka og har bedt alle embeta stoppa utsending av sladda dokument inntil ein er sikker på at personopplysningar ikkje følgjer med.

Publisert 25.11.2025

Statsforvaltaren i Rogaland har gjennomført omfattande stikkprøvar av innsynssakene – og funne nokre saker der personopplysningar har vore tilgjengelege i dokument som er sladda. 

– Feilen blei oppdaga i førre veke. Utsendingar av innsynssaker blei stoppa med ein gong. Så langt har me i Rogaland avdekt nokre saker der personopplysningar har vore tilgjengelege for dei som har fått oversendt innsynssaker, sjølv om dokumenta teknisk sett har vore sladda. Dette beklagar me sterkt, seier statsforvaltar Bent Høie. 

Kven har mottatt dokumenta?

Mottakarane av dokumenta er i hovudsak medieaktørar som har fått innvilga delvis innsyn. Statsforvaltaren tar kontakt med desse og informerer om plikta til å sletta opplysningane.

Tiltak som er sette i verk

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har bedt alle statsforvaltarar om å rydda opp i feilen og varsla dei det gjeld. I Rogaland har me gjort følgjande:

  • Utsending av sladda dokument blei stoppa då feilen blei varsla.
  • Rutinar er gjennomgått og system er etablert for å hindra liknande feil. Nå er behandlinga av innsynssakene sett i gang igjen.
  • Avviket blir meldt til Datatilsynet.
  • Dei som er påverka av feilen blir informerte direkte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.